Arbeidsoppgåver framover
- I månadene framover vil det bli utført generelt utrustingsarbeid, som inkluderer innreiing, elektriske installasjonar, rørlegging og mekaniske installasjonar, for å nemne nokre. Fartøyet vil bli måla medan det ligg i det kontrollerte klimaet i dokkhallen. Oppstart og testing vil bli utført i dei siste månadene av prosjektet, fortel prosjektleiar Helge Torvik ved Ulstein Verft.
Groundbreaking, "4-wheel-drive system"
- Vi er glade for at utrustinga no tek til på Ulstein Verft for det banebrytande TWIN X-STERN CSOV-skipet vårt. Vi har eit dedikert personell på staden som kjem til å jobbe tett med Ulstein sitt team fram til ferdigstilling, seier Marius Bergseth, COO i Olympic.
Han understrekar vidare at '4-hjulsdrifta' i designet er ein av mange nyvinningar som bidreg til å redusere drivstofforbruket vesentleg ved dynamisk posisjonering, som er ein av dei viktigaste funksjonane til skipet, og dermed er viktig for driftseffektiviteten.
- Når vi ser på miljø og berekraft, så er fartøya ikkje berre førebudde for metanol som drivstoff, men dei har også fleksibiliteten til ekstra batterikapasitet, noko som dreg oss i retning av ei grønare og meir utsleppsbevisst maritim framtid og gjer dette fartøyet fullt kompatibelt for å møte forpliktingane i Paris-avtalen. Vi ser fram til leveringa av fartøyet sommaren 2024, understrekar han.
Om fartøya
Kontrakten mellom Olympic og Ulstein vart signert i 2022 og inkluderer bygging av to CSOV-ar ved Ulstein Verft. Skroga vert bygde ved Crist-verftet i Polen. Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Ulstein Power & Control har fått kontrakt på å levere ein omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse.
Fartøya er baserte på ULSTEIN SX222-designet frå Ulstein Design & Solutions AS. Dei har ei lengd på 89,6 meter og ei breidd på 19,2 meter og har plass til 126 personar fordelte på 91 lugarar.
- Fartøya er førebudde for metanol som drivstoff for å bidra til utsleppsnøytralitet. I tillegg er der god plass til ekstra batteri, som gjer det mogleg med potensiell full-elektrisk lading, seier Bergseth.
Skrogforma og det hybride framdriftssystemet vil sikre høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert avtrykk.
Om selskapa
Fosnavågreiarlaget Olympic har ein flåte som opererer i marknaden for subseaservice og fornybar energi. Ulstein Group er ei gruppe maritime selskap med hovudkontor i Ulsteinvik.