Artikkel
Hybrid framdriftssystem med stor miljøgevinst - Kan gi eit løft for framtidig utsleppsreduksjon i fiskeflåten
Bluewild sin nye trålar skal primært nyttast til rekefiske og tråling etter kvitfisk. Til desse fiskeria er det ulikt behov for slepekraft. Ulstein har utvikla ei hybrid framdriftsløysing med batteri som er venta å gi store reduksjonar i dieselforbruk og utslepp samanlikna med ein trålar med tradisjonell framdrift. Dette er løyst ved å forbetre effektiviteten på eit breitt spenn i effektbehov.