
Normand Aurora (Atlantica Supplier)
Nytt namn: Atlantica Supplier. Eit relativt stort plattformforsyningsfartøy av ULSTEIN P105-design, designa for å frakta ei last på nærare 5000 tonn, 2840 tonn som dekkslast. Fartøyet har eit dieselelektrisk framdriftssystem. Det første fartøyet av Ulstein-design som vart selt utanfor Ulsteins eige verft.
Primære spesifikasjoner som bygget
Tilleggsdata
Ship history
Ulstein Group har ei historie som daterer seg tilbake til 1917, men ei stor endring skjedde i 1999, då delar av selskapet vart seld til Vickers (som seinare vart oppkjøpt av Rolls-Royce). Ein klausul i salskontrakten innebar at Ulstein sine skispdesign ikkje kunne seljast for bygging utanom eige verft før etter fem år, det vil seie i 2004.
Det første designet av ULSTEIN-design som vart bygd eksternt etter dette, var 'Normand Aurora', levert frå det nederlandske verftet Merwede i 2005. Alle designteikningane vart leverte av Ulstein Design & Solutions, saman med ei omfattande utstyrspakke.
- Det var viktig for Merwede at Ulstein sitt designselskap ligg i tilknyting til eit aktivt skipsverft. Dei samarbeider nært med verftet, som dei får kontinuerlege tilbakemeldingar frå. På denne måten kan eit design utvikle seg i samsvar med verftet sine framlegg og behov, fortalde Peter van der Poel, Merwede sin prosjektleiar. Merwede har ei historie tilbake til 1902, og 'Normand Aurora' var det første skipet som dette verftet ikkje sjølv hadde designa.
I juni 2017 slo Deep Sea Supply, Solstad Shipping og Farstad Shipping seg saman til eitt reiarlag, som frå 1. oktober 2018 ber namnet Solstad Offshore.
I juli 2022: Normand Aurora blei solgt til Atlantic Shipping AS og fekk navnet Atlantica Supplier.