Windea Leibniz after the conversion from an SOV to a CSOV. Photo: uavpic com.

CSOV-en "Windea Leibniz" – Skreddarsydd for førsteklasses operasjonar

Kva skjer når skipseigarar, designarar og ingeniørar går saman for å forbetre eit allereie vellykka SOV-fartøy for å gjere det til det optimale valet for fleksible operasjonar? Du får Windea Leibniz 2.0.

Publisert
25 mai 2023
Del

I februar 2023 fullførte Ulstein Verft den omfattande oppgraderinga av Windea Leibniz. Etter tre månader forlét SOV-fartøyet verftet som ein CSOV, med fleire sengeplassar, ein justerbar pidestall på styrbord side og ein ny pidestall akterut. Hensikta var å auke fleksibiliteten i operasjonar, også geografisk. Har det vorte ein suksess? 

Resultatet vert grundig når detaljane tel 

Ein grundig innsats på engineering og stabilitetskalkulasjonar er heilt naudsynt for ei så omfattande oppgradering, som skulle inkludere auka overnattingskapasitet, ein justerbar pidestall styrbord med ei rørslekompenserande gangbru som skulle tene dei ulike ilandsettingshøgdene på turbinplattformane i Nordsjøen, og ein ny pidestall akterut for å kunne gjere operasjonar i Østersjøen. 

Gangbrua, som vert nytta for å overføre personell mellom skipet og vindturbinane, kan brukast på begge pidestallane. Gangbrua var opphavleg plassert sentralt i skipet og vart etter oppgraderinga plassert for å kunne ta Nordsjø-operasjonar. Gangbrua ligg på ei vogge på brutaket, som dermed måtte ha ei strukturell oppgradering. Området rundt sokkelen til styrbord pidestall måtte også forsterkast. Heisa har blitt tilpassa for å tene begge posisjonane til gangbrua. Det mindre fartøyet (daughter craft) om bord vart omplassert, og det har blitt installert redningsflåtar. Delar av den opphavlege pidestallen vart gjenbrukt i den nye pidestallen akterut for å spare kostnader, ressursar og leveringstid. Konferanserom, dagrom og garderobar vart bygde om for å auke lugarkapasiteten. 

"Syter for førsteklasses marine tenester"

Oppgraderinga utvidar den operative rekkevidda til "Windea Leibniz", som vert drifta av Bernhard Schulte Management (BSM), og gjer skipet endå meir attraktivt for offshore-marknaden. 

Den omfattande og vellykka oppgraderinga av "Windea Leibniz" har blitt fanga opp av industrien. Med alle dei nye funksjonane på plass, kan vi arbeide i andre segment enn berre vedlikehaldsprosjekt i havvindparkar. Heile teamet, både på land og til sjøs, er glade for at vi no kan utvide aktiviteten vår. Med dette skreddarsydde fartøyet kan vi levere førsteklasses marine tenester til alle slags industri-krav, i dag og i framtida.

Rainer Müller, kaptein på Windea Leibniz
Windea Leibniz after the conversion from an SOV to a CSOV. Photo: uavpic com.

Oppsummering Windea Leibniz 2.0:

Auka overnattingskapasitet 

Lugarkapasiteten har auka frå 63 til 81 lugarar. Windea Leibniz kan no huse opptil 85 personar, dette kan vere teknisk personell til vindfarmane, servicepersonell og mannskap.

Høgde-justerbar pidestall

Installeringa av ein ny høgdejusterbar pidestall for den rørslekompenserte gangbraa gjer fartøyet meir fleksibelt. Gangbrua kan operere i eit område mellom 17,5 meter og 23 meter over vasslinja når ho er fullt utstrekt.

Meir fleksibilitet for operasjonar i Østersjøen 

Installeringa av ein ekstra pidestall akterut gjer det mogleg for fartøyet å ta på seg oppdrag også i Østersjøen, der serviceplattformene generelt er plasserte lågare enn i Nordsjøen. 

Om Windea Leibniz

Windea Leibniz er eit ULSTEIN SX175-design frå Ulstein Design & Solutions AS og vart levert som nybygg frå Ulstein Verft i 2017. Skipet har løysingar som X-STERN og X-BOW for auka komfort og redusert støy og vibrasjonar, og er også X-BOW-fartøy nummer 100 frå Ulstein Group. 
Windea Leibniz kan støtte den planlagde utvidinga av havvindkraft i Nord-Europa. Fartøyet fungerer som ei påliteleg og miljøvenleg plattform for drift og vedlikehald av havvindparkar, overnatting og transport av teknikarar, og ein påliteleg og trygg tilgang til offshore-installasjonar. 

Hald oppe konkurransekrafta di med ettermarknadstenester frå Ulstein Group.

Ta kontakt

DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Beskrivelse
Manager service dept.
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Beskrivelse
Sales Manager Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Konseptdesign ULSTEIN THOR
Artikkel

Stor interesse for det Thorium-drivne fartøykonseptet ULSTEIN THOR

Etter lanseringa av skipskonseptet i april 2022, har marknaden vist ei enorm interesse for potensialet og kapasiteten til den Thorium-drivne ULSTEIN THOR. I ein polarcruisesamanheng kan ULSTEIN THOR åleine generere over 50 GWh energi i ein 150-dagars cruisekampanje. Det sparer meir enn 32 000 tonn i CO2-utslepp og vil kunne føre til ein betydeleg reduksjon av miljøavtrykket.

DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Manager service dept.

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Sales Manager Aftermarket

Tilknytning
Ulstein Verft AS