Ulstein Verft DJI 0125

Resultat for Ulstein i 2023

Ulstein Group hadde i 2023 ei omsetning på 1,4 milliardar kroner og eit driftsresultat på 49 millionar kroner. Kunnskap og erfaring frå Ulsteins meir enn hundreårige historie har skapt ein dynamisk og endringsvillig organisasjon som vi no dreg nytte av i overgangen til ei grønare og etterkvart meir fossilfri framtid. 

Ulstein Group sine hovudtal for 2023

Driftsinntekter

1,4 milliardar kroner (2022: 633,4 mill. kr)

Driftsresultat

49,2 millionar kroner (2022: - 13,0 mill. kr.)

Resultat før skattekostnad

40,0 millionar kroner (2022: - 28,3 mill. kr)

2023 i bilete

  • Ulstein Verft DJI 0125
    Ulstein Verft ligg sentralt plassert ved skipsleia og midt i den maritime klynga på Sunnmøre.
  • CEO Gunvor Ulstein photo Marius Beck Dahle
    Gunvor Ulstein kom tilbake som konsernsjef.
  • Acta Marine orders two new CSOV vessels of the ULSTEIN SX216 design web
    Acta Marine bestilte nye CSOV-skip av ULSTEIN SX216-design.
  • Nexans Electra CLV newbuild at Ulstein Verft
    Nexans valte Ulstein Verft til å bygge sitt neste flaggskip.
  • SW Tasman a 2023 conversion assignment at Ulstein Verft
    SW Tasman var gjennom ei ombygging ved Ulstein Verft, eitt av mange service-/ettermarknadsoppdrag i året som gjekk.
  • ULSTEIN SX222 JP Morgan x4 web

Av nybygg har heile ti havvindserviceskip (CSOV) med TWIN X-STERN-skroget vorte kontraherte dei siste to åra, noko som gir ein solid introduksjon til marknaden. TWIN X-STERN, der hovudframdriftseiningar er monterte både i baug og akterskip, bidreg til auka drivstoffeffektivitet og operabilitet. Koplinga mellom operasjonelle utfordringar og bruk av ny teknologi driv oss og næringa vidare, og våre langsiktige strategiske mål «berekraftig vekst, internasjonalisering og innovasjon» ligg fast.

Ulstein har hatt eit høgt aktivitetsnivå i 2023, spesielt innan ettermarknad og service. 

Ulstein Verft hadde ved utgangen av 2023 sju nybyggkontraktar i ordreboka, alle innan fornybar energi, og seks av sju baserte på design frå Ulstein Design & Solutions AS. I tillegg kjem ei auke innan service og ettermarknad. I 2023 handterte Ulstein Verft meir enn 20 skip for 14 forskjellige kundar. Tenestene femner om livssyklusservice, oppgraderingar, klassing og dokkingar, som også fører til leveransar frå fleire Ulstein-bedrifter. 

I tillegg har vår designbedrift i Nederland inngått fleire designavtalar. Totalt har Ulstein gjennomført ein stor del design- og engineeringsprosjekt i 2023.

Medan snart 150 Ulstein-designa skip segla rundt på verdshava i 2023, er det meir enn tre gongar så mange som har kraft- eller automasjonssystem frå Ulstein. I løpet av 2023 kom det inn ei mengd nye serviceoppdrag innan marin automasjon og kraftsystem frå heile verda.

Konseptskipet ULSTEIN THOR vart tildelt prisen Concept Vessel of the Year og hekktrålaren ECOFIVE vart kåra til Årets Skip. Trålaren har fleire nyvinningar som samla gjer fiskeflåten grønare. Ulstein har mellom anna utvikla den nyskapande trålløysinga der fangsten blir tatt inn under vasslinja og halden levande fram til prosessering, noko som held kvaliteten høg. Det hybride framdriftssystemet og energieffektiviserande tiltak gir redusert drivstoff-forbruk og utslepp.

Også i 2023 har den globale utviklinga vore prega av geopolitiske utfordringar. Inflasjonen har vore høg, noko som har ført til auka prisar på materialar, lønningar og renter. Dette har pressa opp prisane på nybygg. På den andre sida har ei historisk svak norsk krone bidrege til å styrkje konkurranseevna til norsk eksport, og norsk verftsindustri er meir konkurransedyktig enn på lenge.

Utviklinga av Ulstein Groups resultat framover vil i stor grad framleis verte påverka av geopolitiske forhold, marknadsetterspørselen i våre prioriterte segment, inflasjon og tilgang på kvalifisert arbeidskraft, i tillegg til norske myndigheiter si forståing og tiltak for den maritime klynga. 

Om ULSTEIN:

Ulstein har hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Ulstein leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. Ulstein si historie strekker seg tilbake til 1917 då Martin Ulstein etablerte selskapet. Ulstein vert i dag leia av konsernsjef Gunvor Ulstein, medan Tore Ulstein er styreleiar i Ulstein Group ASA.

Siste nytt

ULSTEIN Navy2025 Dec25 SB Duo
Artikkel

Ulstein-design for standardiserte sjømilitære fartøy

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer. 

Sjøforsvaret
N Xyyy Navy v3 Nov25 Sea Mil Ops Interceptor SB Aft Low
Pressemelding

Verftssamarbeid for å realisere Sjøforsvarets standardiserte sjømilitære fartøy

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.  

Sjøforsvaret