Douglas Mawson Ulstein team web

Vellukka prøvetur for Douglas Mawson

Prøveturen for ekspedisjonscruiseskipet Douglas Mawson vart fullført 2. juli 2025. Med det er skipet eitt steg nærare levering hausten 2025. Skipet vart kontrahert av SunStone Ships og skal driftast av Aurora Expeditions.

SunStone Ships har totalt bestilt sju ekspedisjonscruiseskip i Infinity-klassen, der Douglas Mawson er det siste i rekka. Dette nybygget, prosjektnummer U11058 ved CMHI-verftet i Kina, er òg det tredje skipet i serien som vert operert av Aurora Expeditions, i tillegg til Greg Mortimer og Sylvia Earle.

Douglas Mawson har fleire enkeltlugarar enn dei andre skipa i klassen. Skipet er designa for ekspedisjonar over heile verda, i god tradisjon etter ånda til namnebroren, den kjende australske geologen og oppdagaren. Skipet kan operere både i varme og kalde forhold og har isklasse, Polar Class 6, for ekspedisjonar i polare strôk. 

Desse skipa er designa for å gi maksimal komfort for passasjerane, samstundes som dei er smidige nok til å nå stader større skip ikkje kjem til. Den bakoverlente baugen, kjend som ULSTEIN X-BOW, reduserer slag, vibrasjonar og støy frå bølger, og gir betre stabilitet og drivstoffeffektivitet.

Kvart skip i denne serien kan tilpassast etter ønskje frå operatøren. Dei to nyaste skipa til Aurora har store vindauge i baugen, ein baugsalong og ein kombinert inne-/uterestaurant på toppdekket. I tillegg har alle dei tre Aurora-skipa i serien eit dykkesenter.

Skipet er førebudd for å kunne bruke metanol når det vert tilgjengeleg, og det har òg potensial for framtidig bruk av batteri. Det er utstyrt med system for varmegjenvinning og avfallshandtering.

På prøveturen, som inkluderte 126 personar, mellom anna også eit serviceteam frå Ulstein, gjekk skipet ut frå Yangtze-elva. Alle testpunkt vart gjennomførte, og alle ytingskrav vart oppfylt eller overgått.

Kva er ULSTEIN X-BOW?

Slik forklarer Aurora Expeditions X-BOW

Møtte 10 meter høge bølger – ei X-BOW-historie frå eitt av skipa i Infinity-klassen

Douglas Mawson Ulstein team web

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Relaterte nyheiter

Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS