Nyheiter og artiklar

I Ulstein gjer vi visjonar om til verkelegheit, og vi skal vere ein pådrivar for framgang i den maritime næringa. 

Gjennom nyheitene og artiklane våre kan du lære meir om korleis vi jobbar i lag med kundar og partnarar og skaper konkurransekraft i næringa.

Topic:
Cruise
Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

With observation wings for the passengers, it is possible to get views from an angle outside the ship’s side, here on the 'Greg Mortimer'. Photo by Kristian Yksnøy.
Artikkel

Kan skipsdesign kurere sjøsjuke?

I oktober 2019 la det første ekspedisjonscruiseskipet med ULSTEIN X-BOW®, 'Greg Mortimer', ut frå Ushuaia på jomfruturen sin. Skipet skulle gjennom den frykta Drake-passasjen for å nå den nordlege delen av Antarktis. Blant dei om bord var Peter Szyszka, ein dykkarinstruktør som “blir sjøsjuk berre av å sjå på vatn.”