The National Geographic Endurance in polar waters. Photo: Lindblad Expeditions.

Kaptein Leif Skog: 'Wow'-faktoren til National Geographic Endurance

Etter fire tiår i selskapet er kaptein Leif Skog ein institusjon i Lindblad Expeditions. Han har hatt fleire turar på National Geographic Endurance, det første polar-nybygget i flåten: - X-BOW er nytt i cruise, men eg var ikkje i tvil om at denne baugen ville vere den rette løysinga for oss. Og den yter over forventa.

Publisert
18 oktober 2022
Del

Etter at byggekontrakten var signert mellom Lindblad Expeditions og Ulstein på to ekspedisjonscruiseskip med Polar Class 5 (isforsterka skrog for operasjonar i polare område heile året), uttalte Leif Skog følgjande:
- Eg har ingen intensjon om å bli pensjonist før desse to fartøya er leverte frå Ulstein. Og eg vil definitivt ta ansvar som kaptein på eitt eller to eventyr på ‘National Geographic Endurance' etter fullføring!
 

The National Geographic Endurance, here outside Greenland on her inaugural trip. Photo: Michael S. Nolan/Lindblad Expeditions

Lever 'Endurance' opp til forventningane?

Endurance’ starta på sine første Antarktis-cruise seint i 2021, og Leif har naturlegvis vore om bord. Ikkje berre som kaptein, han har òg fungert som seniorkaptein og mentor og hatt operasjonelt tilsyn. 

Forventningane hans før levering var skyhøge. Korleis dømmer han fartøyet i dag?

- Skroget er eineståande. Eg er ekstremt fornøgd med korleis det ter seg i isen, det yter faktisk betre enn eg forventa. Skroget er svært sterkt og eigna for oppgåva. Det foldar ned isen og lagar svært lite støy når det gjer dette, noko eg ikkje har opplevd av noko skrog før.
Kaptein Leif Skog, National Geographic Endurance

Captain Leif Skog (right) during the sea trial of the National Geographic Endurance.
Kaptein Leif Skog (til høgre) på prøveturen til National Geographic Endurance.

Styrken ved å vere annleis

Leif Skog kan omtalast som ein person som tenker ut av boksa. - Alle selskap treng ein av desse, seier Leif og forklarar:

– Det betyr at eg tenkjer annleis. Eg er ein oppfinnar, mange av løysingane på Lindblad-fartøya er oppfunne av meg, til dømes den sikre løysinga for å entre gummibåtane på ‘Endurance', dette er oppfinningar som ofte blir kopierte av andre selskap.

‘Endurance' er det første av dei to fartøya til Lindblad Expeditions som er designa og bygd av Ulstein, og dermed søsterfartøy til ‘National Geographic Resolution'.

National Geographic Endurance & National Geographic Resolution (photo Oclin).
National Geographic Endurance & National Geographic Resolution (foto: Oclin).

Gjer seg klare for antarktis-sesongen

Begge cruiseskipa gjer seg no klare til Antarktis-sesongen, og ‘Resolution’ har allereie kome fram til Ushuaia i Argentina, som er startpunktet for Antarktis-cruisa.

X-BOW® har bevist sjødyktigheita si 

Når det gjeld 'Endurance', var mange i selskapet vårt veldig skeptiske til X-BOW. Det er heilt naturleg, det er fornuftig å halde tilbake på noko som er heilt nytt. Likevel, X-BOW-designet har vore innarbeidd på ei rekke offshorefartøy, og har bevist kor sjødyktig det er gjennom årevis av røff behandling i Nordsjøen. Eg var ikkje i tvil om at denne baugen ville vere den rette løysinga for oss.

Trygg og eventyrleg, det er Linblad-måten

Lindblad dreg langt sør, og vi opererer i røft farvatn. Dei kraftige vindane på dei sørlege breiddegradene har kallenamn: ‘the roaring forties, the furious fifties and the screaming sixties' – dei blir tøffare dess lenger sør du kjem. Og det er dit vi går.

Å reise gjennom Drake-passasjen tek om lag halvannan dag, medan det tek lengre tid til Sør-Georgia. Vi såg for oss effekten X-BOW ville ha på tryggleiken og komforten på desse reisene, seier kapteinen.

- Lindblad er annleis. Vi vil vere spesielle, vil vil vere i ein eigen liga. Vi tilbyr det uventa, det fascinerande og uutforska. Vi tilbyr plass, og ikkje berre utandørs. Desse fartøya er bygd for berre 126 passasjerar, eit ideelt tal for gruppedynamikk. Lugarane er store, og baugen gir plass til romslege salongar og fellesareal.
 

The ice lounge on the 'Endurance'. Photo: Lindblad Expeditions.

Kan gå lengre og med lavare utslepp

Når ein reiser til dei tøffe polarområda, er tryggleik veldig viktig, og X-BOW bidreg til det.

- PC5-notasjonen (Polar Class 5) gir eit mykje større operasjonsområde basert på dei faktiske isforholda. Baugforma held dekket skjerma for sjøsprøyt, og skroget sine eigenskapar i sjøen er utmerkte, forklarar han. - Utmerkte sjøeigenskapar betyr komfort for passasjerane.

Ein funksjon som enno ikkje har vore omtalt er drivstoffreduksjonen som kjem frå den reduserte motstanden som følgje av X-BOW. Dette er eit ekstra tilskot til Lindblad sin grøne profil og er ein nøkkelfunksjon med tanke på dei sårbare områda som ‘Endurance’ reiser til.

- Vi har no erfart at drivstofforbruket til 'Endurance' til og med er under estimata, noko som betyr at dette er eit svært miljøvennleg fartøy.
Captein Leif Skog, National Geographic Endurance

The X-BOW vessels offer great viewing points on several decks to the magnificent surroundings.

Studerer dyrelivet

- For formålet vårt, som er å transportere gjestar som er svært interesserte i naturmiljøet, har X-BOW-løysinga ei anna positiv side. Det gir alle om bord flott utsikt direkte til havoverflata, både frå lavare og høgare posisjonar på ulike dekk. Observasjonar av dyrelivet er betydeleg forbetra med dette designet.

Leif Skog har jobba ikkje berre med Sven Lindblad, grunnleggjar av Lindblad Expeditions, men også i sine tidlege år med faren til Sven, Lars-Eric, ein pioner innan turistekspedisjonar til Antarktis. Leif si stilling er VP (Vice President) Nautical, og han har ein mastergrad både i navigasjon og i marine konstruksjonar. Han kan alt som er å vite om polarnavigasjon, polare operasjonar og alle tekniske detaljar. Han har også vore sterkt involvert i International Association of Antarctic Tour Operators (IAATO). Som eit teikn på takksemd for engasjementet er Skog Bay i Antarktis oppkalla etter Leif Skog.

'Wow' faktoren

- Lindblad er ei bedrift som torer å leie an. Du kjem ingen veg dersom du aldri risikerer noko. Den første motstanden har opphøyrd. Fartøyet ser fantastisk ut! Det skaper ein ‘wow'-faktor uansett kvar det dukkar opp!

View from the bow part of the 'NatGeo Resolution'. Photo: Lindblad Expeditions.
Utsikt frå baugparten på Lindblad-skipa. Foto: Lindblad Expeditions.

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 19 MARTIN GISKEGJERDE
Artikkel

Store drivstoffinnsparingar med dei første CSOV-skipa med Ulstein sitt TWIN X-STERN®-konsept

Olympic er ein pioner i offshore-energisektoren. Med ein sterk fokus på berekraft har dei fleire gongar tatt kommersiell risiko ved å satse på nye fartøykonsept. Den seinaste investeringa i to nye havvindskip av typen 'Construction Service Operation Vessel' (CSOV), baserte på Ulstein Group si innovative TWIN X-STERN®-løysing, viser at ei slik satsing løner seg. Reiarlaget kan syne til reduksjonar i drivstofforbruk og utslepp på nær 50 prosent, i forhold til seglande CSOV-ar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 11 MARTIN GISKEGJERDE
Pressemelding

Ulstein har levert CSOV-fartøyet Olympic Notos til Olympic

Ulstein leverte havvindskipet Olympic Notos til Olympic den 13. november 2024. Dette toppmoderne fartøyet markerer ein viktig milepåle innan maritim innovasjon og yting. Skipet er eit serviceskip av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV). Som følgje av resultata frå søsterskipet, Olympic Boreas, seier reiarlaget at skipa "opererer med tett på 50 % reduksjon i drivstofforbruk samanlikna med andre seglande CSOV-ar."

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS