‘Ocean Victory’ vil bli operert av Victory Cruise Lines i sommarsesongen og Albatros Expeditions i vintersesongen. Etter prøveturen med ‘Ocean Victory’ annonserte Albatros Expeditions rekordlave utslepp per passasjer.
Ser fram til sesongen i Antarktis
Hans Lagerweij, president i Albatros Expeditions, har følgd nøye med på framdrifta av skipsbyggingsprosjektet, og no ser han fram til Antarktis-sesongen.
- Første turen går den 26. november, der vi får oppleve ei solformørking mellom Antarktis og Sør-Georgia. Eg trur gjestane våre kjem til å bli begeistra over komforten og fasilitetane om bord, samtidig har vi halde på den hyggen ein får oppleve på eit kompakt lite ekspedisjonscruiseskip. Skipet er lett å finne fram i, og alt er lagt til rette for å kunne skaffe seg nye vener frå heile verda. Ikkje minst så ventar eg at gjestane våre skal bli særskilt nøgde med den yteevna og stabiliteten som vert tilført av X-BOW-designet når ein skal over Drake-passasjen på veg til Antarktis!
Utviklinga av fartøya for SunStone Ships
Designarane i Ulstein Design & Solutions verdset tilbakemeldingane:
- Vi har utvikla eit fartøy der vi ved hjelp av CFD-analyse (Computational Fluid Dynamics) har optimalisert skroget for lavt drivstoff-forbruk. I tillegg innarbeidde vi skroglinjedesignet X-BOW, ei løysing som først vart tatt i bruk innan offshore og først no nyleg i cruisebransjen. I tillegg til drivstoffinnsparingar fører X-BOW til mjukare rørsler i sjøen, det reduserer slag og vibrasjonar, og aukar komforten og kvile for passasjerar og mannskap, seier leiande skipsdesignar Torill Muren. Ho har førstehands erfaringar frå Drake-passasjen, då ho som representant for designselskapet vart invitert med på oppstartsturen til Antarktis med cruiseskipet ‘Greg Mortimer’, som er det først leverte skipet for SunStone Ships.
- Alle fartøya i SunStone Ships sin INFINITY-serie har Tier III-motorar med SCR-katalysatorar for å redusere utslepp. Dei går på Marine Gas Oil (MGO) som har lavt svovelinnhald, har varmegjenvinningssystem for spillvarme og LED-lys. I tillegg har dei behandlingsanlegg for avløpsvatnet, fortel ho.
Skipa har elles nullfartsstabilisatorar og dynamisk posisjonering, og er bygde i samsvar med Polar Code Category B, med Polar Class 6 (Ice Class 1A på framdriftssystemet). Alle fartøya er kundetilpassa versjonar av ULSTEIN CX103-designa.
Ekspedisjonsskipa for SunStone
- Vi valte Ulstein på grunn av skrogdesignet og det tekniske designet deira, og at dei kan stille med prosjektteam i Kina som følgjer opp produksjonen, fortalde Niels-Erik Lund, president/konsernsjef i SunStone Ships då den første skipskontrakten ved CMHI-verftet vart annonsert i 2017. Han sa vidare:
- Det vart svært viktig for oss at vi fekk utvikla eit høgkvalitets ekspedisjonscruiseskip med dokumentert design og teknologi. Ulstein har designa meir enn 105 fartøy med X-BOW-designet. Desse skroga er utvikla for tøffe vêr- og bølgjeforhold, med høg komfort og god drivstoffeffektivitet.
Tre av skipa i INFINITY-serien er no leverte. Dei attståande tre skipa er i ulike fasar av konstruksjonen, eitt er i gong med i gangkøyring, eitt ligg på beddingen og eitt er under samanstilling.