National Geographic Resolution in the Lallemand Fjord on 1 February 2022 (Photo: Martin Graser)

National Geographic Resolution’ – «Eit fartøy som overgår det eg trudde var mogleg»

Den 1. februar 2022 skreiv kaptein Martin Graser følgjande refleksjon om bord på National Geographic Resolution:
«I går, i Lallemandfjorden, var iskanten tettpakka med is. Vi måtte gå langt inn for å gjere ei islanding. Det kjendest som ei ‘Shackleton-oppleving’, omgitt av is. Truleg ei av dei mest spektakulære isvandringane eg har opplevd. Etter middag vigde eg eit par under baugen på skipet.»

Resolution og Endurance er utan tvil dei mest avanserte ekspedisjonsskipa i bransjen i dag. Dei har vist framifrå yting gjennom to og ein halv månad i Antarktis. Vi har vore meir avsides, djupare inn i isen, lenger inn i Weddell-havet og lenger sør enn nokon gong.

Martin Graser
Kaptein, 'National Geographic Resolution'
Captain Martin Graser on the bridge. Photo: Lindblad Expeditions.

Skipet, levert av Ulstein Verft i 2021, var på sin første sesong i Antarktis og er eitt av dei første ekspedisjonscruiseskipa med X-BOW®. Resolution og søsterskipet National Geographic Endurance har Polar Class 5-klassifisering for polare cruise.

Imponerande iskapasitetar

Lallemandfjorden ligg på vestsida av Den antarktiske halvøya. Då Resolution kom fram, var iskanten fylt med sjøis, små isfjell og større isblokker. Kapteinen måtte navigere djupt inn i isen for å nå kanten og gjennomføre isvandringar. Han er stolt over å styre eit «eksepsjonelt skip med eksepsjonell yting»:

Lallemand National Geographic Resolution photo Martin Graser 6

Om opplevinga i Lallemandfjorden:

- Å få skipet ut igjen ville vere ei utfordring. Isen var tjukk, men mjuk, så eg var ganske sikker på at ‘flushing-teknikken’ med Aaipodane ville fungere. Medan vi framleis låg ‘parkert’, spylte vi så mykje som mogleg for å lage ei ‘lomme’ før vi gjekk akterover. Vi stoppa og spylte, stoppa og spylte, og snudde skipet 180 grader mot ope vatn. Heile operasjonen tok ikkje stort meir enn 30 minutt.

National Geographic Resolution in the Lallemand Fjord. Photo Martin Graser.

«Moglegheitene desse skipa gir er utan grenser»

- Det var heilt fantastisk korleis dette fungerte. Ein tradisjonell akseldriven båt ville aldri kome seg ut av denne isen, tettpakka mot iskanten – og dermed ville ein heller aldri kunne tilby ei slik oppleving for gjestene. Kapasiteten vi har i isen takka vere azipodane er rett og slett imponerande. Dette var definitivt det rette valet av framdrift.

- Kvar einaste tur har gitt maksimal gjestetilfredsheit. Moglegheitene desse skipa gir er verkeleg utanfor det eg trudde var mogleg. Iskapasiteten er fantastisk, men også marsjfarten gir rom for mange ekstra opplevingar: Vi kan tilby cruise både sør for polarsirkelen og inn i Weddell-havet – heilt unikt!

Ice landing on the National Geographic Resolution. Photo Martin Graser.

- Har ikkje hatt eitt einaste slag i baugen å heile sesongen

- Den generelle komforten og stillheita om bord er ein stor fordel. Komforten X-BOW gir er heilt utruleg: Eg har ikkje hatt eitt einaste slag i baugen på heile sesongen! Farten blir også mindre påverka av bølgene som kjem i mot. Drake-passasjen er ikkje lenger ein frykta stad.

Ein generasjons forsprang

- Om du kjem til Ushuaia og ser Endurance og Resolution ved kai ved sida av andre nybygg, vil du straks forstå at desse skipa har ein generasjons forsprang. Det er ikkje overdriving – alle ser det med éin gong: Dei ser futuristiske ut og er verkeleg stilige!

- Utruleg stolt over å jobbe her!

Kaptein Graser skreiv rapporten under sin siste tur før ferie, og avsluttar med:

- Eg kunne halde fram lenge om kor fantastiske desse fartøya er. Eg vil også nemne at Ulstein Design & Solutions har treft blink, og alle involverte bør vere utruleg stolte av desse skipa: Eg veit at mannskapet om bord verkeleg forstår det, og er stolte over å jobbe her!

 

  • National Geographic Resolution deep in the ice. Photo Martin Graser
  • National Geographic Resolution ready for ice landing. Photo Martin Graser
  • The Bridge Team on National Geographic Resolution. Photo: Nenad Barisic.
  • The bow of the 'National Geographic Resolution'. Photo: Nenad Barisic.

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Supervisor at Ulstein verft upload1
Artikkel

Tilsett i eit halvt århundre – og dei som nett har starta

Kva fekk ein no erfaren veteran, ein fersk ingeniør og ein lærevillig lærling til å satse på Ulstein, og korleis ser dei for seg framtida? Bli med inn i kvardagen til Adolf, Nicholine og Jonas, og få eit innblikk i eit arbeidsmiljø i stadig utvikling,  frå første arbeidsdag til over femti år med erfaring på same arbeidsplass.

Karriere