CX103 Douglas Mawson

Douglas Mawson levert: Det sjuande cruiseskipet designa av Ulstein for SunStone

Ekspedisjonscruiseskipet Douglas Mawson vart levert 9. september 2025. Fartøyet er bygd ved CMHI-verftet i Kina for SunStone Ships og leigd ut til Aurora Expeditions. Med denne leveringa er endå eit ULSTEIN CX103-design klart for å utforske polare strøk, avsidesliggande kystar og verdsomspennande reisemål.

- Vi er glade for å kunne ønske Douglas Mawson velkomen til flåten vår. Dette skipet representerer neste steg i Aurora si satsing på å bringe gjestane våre nærare naturen med minst mogleg fotavtrykk, seier Katie Malone, CMO i Aurora Expeditions.

CX103 Douglas Mawson

Komfort og kapasitet i eitt

Douglas Mawson er 104,4 meter langt og 18,4 meter breitt, med ei toppfart på 15,5 knop. 

Skipet byr på polare opplevingar for opptil 130 gjestar, og har kapasitet til 154 gjestar på Small Ship Cruise-reiser. Mannskapet er på 102 personar.

Skipet er bygd etter nokre av dei høgaste internasjonale tryggleiks- og operasjonsstandardane – inkludert Polar Class 6, Polar Code kategori B, Safe Return to Port (SRtP) og SOLAS 2020 – og er godt rusta for trygge og komfortable reiser til kalde og avsidesliggande område.Om bord blir gjestene møtt av eit lyst, moderne interiør designa av Tomas Tillberg Design. Høgdepunkta femner om eit imponerande toetasjes atrium, ein panoramasalong framme i skipet, og romslege observasjonsområde som gir ei storslagen utsikt. Biletet nedanfor er frå søsterskipet Sylvie Earle.

Ulstein

Fasilitetar for notidas oppdagingsreisande

Skipet tilbyr ei rekkje fasilitetar, mellom anna:

  • To restaurantar og to barar
  • Oppvarma utandørs basseng med boblebad og bassengbar
  • Velværeområde med treningsrom og badstue
  • Bibliotekslounge, foredragssal og eit eige senter for borgarvitskap

Berekraft i sentrum

Som det tredje Ulstein-designa skipet i Aurora si flåte – etter Greg Mortimer og Sylvia Earle – vidarefører Douglas Mawson tradisjonen med å kombinere solid ekspedisjonskapasitet med moderne komfort. Skipet er utstyrt med drivstoffeffektiv dieselelektrisk framdrift, varmegjenvinning og Ulstein sin kjende X-BOW®, som reduserer drivstoffbruk, støy og rørsle i grov sjø. Desse løysingane gjer at Aurora Expeditions kan redusere miljøpåverknaden og samtidig gi gjestene sine ei betre oppleving.

Foto: Douglas Mawson ved kai på byggeverftet.

Douglas Mawson delivery

Skreddarsydd for Aurora Expeditions

Sjølv om alle fartøy i Infinity-klassen byggjer på den same CX103-plattforma, er kvart skip tilpassa operatøren sine behov. Douglas Mawson har fleire enkeltmannslugarar enn tidlegare skip, og fellesområda er utforma i tråd med Aurora Expeditions sin merkevare og behov.

Den første reisa går til Tasmania i desember 2025, og markerer starten på mange framtidige ekspedisjonar – frå det islagde landskapet i Antarktis til kystområda i Europa og Mellom-Amerika.

Nye opplevingar ventar på Douglas Mawson - her representert ved søsterskipet Greg Mortimer.

Greg Mortimer's X-BOW cutting the seas, photo: Scott Portelli/Aurora Expeditions.

Ta kontakt

Runar Muren DSC4429 comp bw

Runar Muren

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
DSC4285 comp bw

Torill Muren

Beskrivelse
Lead Naval Architect
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Powerpoint photos Per Eide Studio Ocean Sea Waves coast 21
Oppdatering

Fregatt-avgjersle

Regjeringa har kunngjort at dei går inn for å kjøpe britiske fregattar. Ulstein har samarbeidd med det tyske selskapet TKMS i eit forsøk på å sikre kontraktane. 

Naval
Runar Muren DSC4429 comp bw

Runar Muren

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
DSC4285 comp bw

Torill Muren

Lead Naval Architect

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS