
Passasjerane fortel oss stadig at dei mjukare rørslene med mindre slag og lågare støynivå gjer ein stor forskjell, spesielt på lange havkryssingar.

Aurora Expeditions tok i bruk sitt tredje ekspedisjonscruiseskip med X-BOW – Douglas Mawson – i september 2025. – Mange av gjestene våre har reist med andre ekspedisjonsskip før og merkar straks forskjellen. Anten det er betre søvn, mindre vibrasjonar når dei lyttar til foredrag, eller meir tid i områda ein besøker – designet forbetrar opplevinga, seier Katie Malone, marknadsdirektør i Aurora Expeditions når ho skal forklare X-BOW.

Passasjerane fortel oss stadig at dei mjukare rørslene med mindre slag og lågare støynivå gjer ein stor forskjell, spesielt på lange havkryssingar.
Douglas Mawson markerer eit nytt kapittel for det australske cruiseselskapet. Dei vart dei første til å erfare Ulstein si X-BOW-løysing på cruiseskip, med leveringa av Greg Mortimer i 2019, eit dristig val på den tida. Oppfølgaren, Sylvia Earle, vidareførte arven – begge skipa blir lagt merke til når det gjeld komfort, yteevne og opplevingsbaserte reiser.

– Med tre spesialbygde små cruiseskip kan vi tilby meir varierte ruter og nå nye reisemål, samtidig som vi held fast ved kjerneverdiane våre: ansvarlege reiser og tett kontakt med naturen, seier Malone.
Aurora har røtene sine innan polarekspedisjonar, men Douglas Mawson er bygd for meir. Reisemål inkluderer no tropiske og tempererte farvatn, mellom anna Indonesia, Sentral-Amerika og kystane av Europa, og gir passasjerane nye moglegheiter for tett-på-opplevingar.
– Desse områda har fantastisk biologisk mangfald og kulturarv, forklarar Malone. – Og skipet er designa for å gi den same engasjerande opplevinga med små skip i desse områda som vi tilbyr i Antarktis og Arktis.
X-BOW er ikkje berre eit designelement – det er ein filosofi. Ulstein har latt seg inspirere av naturen og korleis delfinar og spekkhoggarar glir gjennom vatnet. Denne tilnærminga reduserer motstanden i sjøen, drivstoffbruket og miljøpåverknaden. For Aurora er den største gevinsten komfort for passasjerane.

Om bord på Douglas Mawson er det tydeleg at skipet er bygd for å oppleve naturen og omgjevnadene. Frå det toetasjes atriet til panoramasalongen framme – naturleg lys og kontakt med miljøet utanfor står sentralt. Skipet har også eit eige senter for vitskapsformidling – eit uttrykk for Aurora sitt engasjement innan praktisk forsking og utdanning.
– Vi har lagt til fleire enkeltlugarar for å ønske enkeltreisande velkomne, påpeikar Malone. – Og fellesområda er designa for å fremje openheit og kontakt med omgjevnadene.
Skipet inviterer til å vere nysgjerrig – anten ein speidar etter kvalar eller interesserer seg for havforsking.

Dei tre skipa speglar Aurora sitt engasjement for berekraft. Dei har drivstoffeffektive diesel-elektriske framdriftssystem, varmegjenvinning og X-BOW – alt bidreg til lågare utslepp og energibruk. Men berekraft for Aurora handlar også om skala og intensjon;
– Vi opererer med eit lite fotavtrykk, fortel Malone. - Maksimalt 130 passasjerar i polarområda og 154 på småskipscruisa, og vi set utdanning, forsking og naturvern i sentrum av reiseopplevinga.
- Det handlar ikkje berre om kvar du reiser – men korleis du reiser.

– Mange av gjestene våre har reist med andre ekspedisjonsskip før og merkar straks forskjellen. Anten det er betre søvn, mindre vibrasjonar når dei lyttar til foredrag, eller meir tid i områda ein besøker – designet forbetrar opplevinga
Aurora sine tre skip er ein del av ein serie på sju skip for det amerikanske selskapet SunStone Ships. Alle skipa er på langtidsoppdrag for cruiseoperatørar.

The 104-metre expedition cruise ship has been built to Polar Class 6 standards, with 77 passenger cabins with private bathrooms and balconies. The facilities include a restaurant and bar, a lecture room, a lounge, a 180-degree indoor observation deck, outdoor viewing areas, a gymnasium, sauna and spa.

An expedition cruise vessel of the ULSTEIN CX103 design. Designed with the X-BOW® hull, the vessel provides the best possible comfort for passengers in rough head seas and is fuel-efficient.

The 104.4m long X-BOW vessel sports the capacity for 185 guests in 93 suites, 68 with balconies, nine with French balconies and 16 with panoramic windows. The vessel has been chartered out to Albatros Expeditions (now: Polar Latitudes Expeditions) for Antarctica journeys and Alma Cruceros for Mediterranean cruises.

The INFINITY CLASS vessels are 104,4 m long and 18,4 m wide, small enough to give an exclusive atmosphere, large enough to yield all expected services and facilities. They can be individually adapted, according to operator's specifications.

The expedition passenger ships in the INFINITY CLASS fleet are 104,4 m long and 18,4 m wide, small enough to give an exclusive atmosphere, large enough to yield all expected services and facilities. They can be individually adapted, according to the charterer's specifications.

The Ocean Albatros operates in Antarctica and the Arctic, offering cruises in the regions between these core expedition areas. SunStone Ships' vessels in the 'Infinity series' are the first to introduce the proven X-BOW hull in cruise ships. Due to a combination of the power system and ship design, the vessels have low emissions.

The Infinity-class expedition cruise vessel boasts a unique feature shared by three sister vessels: windows enveloping the bow lounge, flooding the interior with natural light and creating an immersive connection to the surrounding nature. Imagine sipping your morning coffee while gazing out at the breathtaking vistas through these expansive windows! Built to Polar Class 6 standards, the Douglas Mawson accommodates guests in 80 cabins.



Ekspedisjonscruiseskipet Douglas Mawson vart levert 9. september 2025. Fartøyet er bygd ved CMHI-verftet i Kina for SunStone Ships og leigd ut til Aurora Expeditions. Med denne leveringa er endå eit ULSTEIN CX103-design klart for å utforske polare strøk, avsidesliggande kystar og verdsomspennande reisemål.

Torill Muren
Lead Naval Architect

Øyvind Gjerde Kamsvåg
Chief Designer