Sylvia Earle, an expedition cruise vessel of the ULSTEIN CX103 design, photo: Aurora Expeditions/Benjamin Tan.

'Sylvia Earle': Aurora Expeditions tek i bruk sitt nyaste ekspedisjonscruiseskip

Dei siste papira vart signerte 21. oktober 2022, og dermed var dei to ekspedisjonscruiseskipa i SunStone Ships' sin INFINITY-klasse, 'Sylvia Earle' og 'Ocean Odyssey', leverte. Begge er baserte på ULSTEIN CX103-designet, og denne serien av fartøy er dei første ekspedisjonscruiseskipa som tok i bruk X-BOW.

  • The observation deck on the Sylvia Earle.
    Observasjonsdekket på Sylvia Earle.
  • A room with a view on the Sylvia Earle.
    Eit rom med utsikt ombord i Sylvia Earle.
  • The Sylvia Earle quayside after delivery, photo by Aurora Expeditions/Benjamin Tan.
    'Sylvia Earle' til kai etter levering, foto av Aurora Expeditions/Benjamin Tan.
  • Stylish and comfortable staterooms and suites on the Sylvia Earle.
    Stilfulle og komfortable salongar og rom om bord i Sylvia Earle.

Skipa blir leigde ut på langtidscharter til ulike operatørar. Sylvia Earle vil bli operert av Aurora Expeditions, og Ocean Odyssey av Vantage Travel.

Skipsdesign og interiørdesign

Medan Ulstein Design & Solutions står for sjølve skipsdesignet, er det Tomas Tillberg Design som står for interiørdesignet.  

Sylvia Earle library entrance. Illustration by Tomas Tillberg Design.

Fotoet ovanfor viser trappa opp til biblioteket. På styrbord side bak trappa ligg eit forskingssenter.

Følgjande tekst er basert på ei pressemelding frå Aurora Expeditions: 

Den australske reiseoperatøren Aurora Expeditions har overtatt sitt andre, spesialbygde cruiseskip, Sylvia Earle, som skal legge ut på den første reisa si frå Ushuaia i Argentina og over til Antarktis den 10. desember 2022.

- Vi er svært begeistra for å kunngjere at det nyaste skipet vårt no er levert og på veg til Antarktis, seier administrerande direktør Michael Heath i Aurora.

- Vi greier knapt å vente med å introdusere skipet til marknaden og ein ny generasjon globetrottarar på jakt etter eventyr, oppdagingsferder og heilt spesielle opplevingar, legg han til.

Med eit sterkt fokus på opplæring og bevaring er det nye ‘Sylvia Earle’ designa for å romme 132 passasjerar i ein avslappa og uformell atmosfære.

X-BOW for mjukare og raskare kryssingar

Med ULSTEIN X-BOW, ein omvend baug som er designa for mjukare og raskare overfartar, og med redusert drivstofforbruk, tilbyr skipet stilige og komfortable lugarar og suiter, dei fleste med private balkongar.

Room Light1025 Benjamin Tan

Fellesområda inkluderer fleire restaurantar og barar, sosiale avslapnings- og velværeområde, eit utandørs oppvarma svømmebasseng og boblebad, eit treningsstudio, spa og badstove, ein biblioteksalong, eit forelesingsrom og vidstrekte dekk med panoramautsikt til naturen og dyrelivet, noko som gjer dette til den ideelle basen for å reise på ekspedisjonar. 

Dokking for gummibåtar og omkledningsrom gjer det enkelt for passasjerane å ta del i aktivitetar utanfor skipet og på land, medan eit dedikert vitskapssenter er knutepunktet for ei rekke opplæringsprogram. 

Eit svært erfarent ekspedisjonsteam guidar passasjerar i små grupper på utflukter, til dømes gummibåt-cruise, fotturar, havkajakkpadling, dykking, snorkling, padling, ski, fotografering og fuglekikking.

Exploration Cruise Antarctica Penguins Torsten Dederichs

Sylvia Earle er søsterskip til Greg Mortimer, lansert i 2019, og er oppkalla etter den anerkjende marinbiologen, oseanografen, oppdagaren og naturvernaren Dr. Sylvia Earle. I februar 2023 vil Dr Earle, i samarbeid med Ocean Geographic, leia verdas første "Antarctic Climate Expedition" på det nye skipet for å auka offentlegheita og forståinga til styresmaktene for den miljømessige betydninga av Antarktis. Denne spesielle reisa har som mål å levere resolusjonar for å inspirere til endringar frå eit havperspektiv som kan gi globale netto-nullutslepp innan 2035. 

Dei første som fekk oppleve X-BOW på cruiseskip

SunStone Ships kontraherte dei første fartøya i INFINITY-klassen i 2017, og Aurora Expeditions var dei første som fekk prøve eit skip med X-BOW med sitt første skip, Greg Mortimer.

Les kapteinens historie: 'I høg sjø venta eg på slaga i baugen - dei kom aldri'

Greg Mortimer Kristian Yksnoy

Fartøya i INFINITY-klassen blir bygde ved CMHI Haimen-verftet i Kina, og Ulstein sine kontraktar inkluderer skipsdesign og power- og automatiseringspakkar som inkluderer ULSTEIN BRIDGE, ULSTEIN COM, ULSTEIN POWER, ULSTEIN IAS og ULSTEIN BLUE BOX, dei to siste er baserte på ULSTEIN X-CONNECT.

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Lucy bw

Lucy Lu

Beskrivelse
Sales & Marketing Director
Tilknytning
Ulstein Marine Systems (Shanghai) Co. Ltd

Siste nytt

11 03 25 YNO 321 hull arrival 10 37741379
Pressemelding

Neste TWIN X-STERN-skip: Bygginga av vindskip nummer to for BS Offshore i gong ved Ulstein Verft

Den 11. mars 2025 kom skroget til byggnummer (bnr) 321 for BS Offshore fram til Ulstein Verft. Dette markerer starten på ein ny fase i skipsbygginga. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS for såkalla 'walk-to-work'-operasjonar (W2W) der personell går over ei rørslekompensert gangbru frå skipet til ein vindturbin.

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Lucy bw

Lucy Lu

Sales & Marketing Director

Tilknytning
Ulstein Marine Systems (Shanghai) Co. Ltd