Ulstein sine skrogløysingar har svært gode sjøeigenskapar. Dei er utvikla for røffe forhold, og sikrar trygge og komfortable reiser for mannskap og passasjerar. TWIN X-STERN-løysinga har fire hovudframdriftspropellar: to monterte i akterskipet og to i forskipet. Med dette oppsettet er skipet svært smidig å manøvrere, og kan utføre gangvegoperasjonar på ein effektiv måte. Dette har ein stor effekt på drivstofforbruket ved dynamisk posisjonering.
Hybrid kraftløysing
Ulstein Power & Control si hybrid kraftløysing inneber eit stort batterisystem og dieselgeneratorar som opererer med variabel fart, noko som sikrar optimal drivstoffutnytting. Skipet er førebudd for metanol, og opnar vegen for nullutsleppsoperasjonar. Det er også sett av plass til ekstra batterikapasitet, som gjer det mogleg med full-elektriske operasjonar når den naudsynte infrastrukturen blir tilgjengeleg. Energieffektivitet har vore målet, og resultatet er ei maksimering av energieffektive operasjonar, manøvreringsevne og funksjonalitet.
Skipet vert døypt
Dåpsseremonien til skipet vert arrangert den 27. juli og Olympic og Ulstein ønskjer skipet og hennar mannskap hell og lukke på dei sju hav!
Meir informasjon
ULSTEIN SX222-skipa har ei lengd på 89,6m og ei breidd på 19,2m. Dei rommar 126 personar i 91 lugarar, alle med dagslys. Les meir: Vessel characteristics.
Olympic og Ulstein, samarbeider med andre aktørar i eit prosjekt for å utvikle ei livssyklusvurdering av nye skip, med fokus på Olympic Boreas og søsterskipet. Det er avgjerande at livssyklusanalyse vert tatt med ved bygging og idriftsetting av skipa for å kunne vurdere miljøpåverknaden av maritime teknologiar og identifisere alternative låg- og nullkarbondrivstoff som kan bidra til å redusere drivhusgassutsleppa frå skip.