2024 06 24 Olympic Boreas Yno 318 CR ULSTEIN 7

Olympic Boreas vart tildelt prisen 'Årets maritime innovasjon"

Det nyleg leverte havvindskipet Olympic Boreas har på Den Maritime Klyngekonferansen i Ålesund blitt tildelt prisen 'Årets maritime innovasjon.' Det toppmoderne fartøyet vart levert til Olympic i juli, og er utvikla i samarbeid med reiarlaget og fleire av selskapa i Ulstein Group. Eit søsterskip er under bygging ved Ulstein Verft.

Juryen har vore klare i sin dom:

"Olympic Boreas representerer eit banebrytande prosjekt som utfordrar standardane og set ei ny retning for den maritime industrien. Med sitt fokus på miljøvenlege løysingar og energieffektivisering, er skipet førebudd for framtida med moglegheit for metanoldrift, noko som kan gjere det karbonnøytralt.

Olympic Boreas har vore eit utviklingsprosjekt for mange bedrifter i den maritime klynga, og gjennom nye teknologipilotar har det skapt ringverknader for heile næringa. Juryen beskriv skipet som «havets firehjulstrekkar», det første som er levert med TWIN X-STERN-design – eit teikn på framtidsretta innovasjon.

Dette prosjektet løftar ikkje berre leverandørane som har vore med, men heile den maritime industrien gjennom sunn konkurranse og banebrytande løysingar.

Vi ser fram til å følgje den vidare reisa for Olympic Boreas og kva den vil bety for framtidas shipping og berekraftige løysingar på sjøen."

Energieffektivitet er nøkkelen

Dette er det første fartøyet som har vorte levert med TWIN X-STERN®-løysinga, med hovudpropellar plasserte framme og bak.

Sjå film

  • Olympic Boreas wins Maritime Innovation Award
  • 2024 06 24 Olympic Boreas Yno 318 CR ULSTEIN 1
  • Cinema
  • Overlevering av Olympic Boreas
    Overlevering av 'Olympic Boreas'
  • Crew lounge
  • Bridge
  • Charterer office
  • Captain cabin
  • Client Lounge
  • Galley
  • Library
  • Mess room
  • Bridge Crane operation
  • Gaming room
  • Office space

Med eit fullintegrert kraft- og automasjonssystem frå Ulstein, kombinerer fartøyet store batteri med generatorar med variabel hastighet. Det gir optimalisert kraftproduksjon. Resultatet er energieffektive operasjonar, eksepsjonelle manøvreringsevner og operabilitet.

Vidare er fartøyet førebudd for metanol for låge utslepp og har tilgjengeleg kapasitet til ekstra batteri.

Nøkkelfunksjonar og spesifikasjonar

  • Lengd: 89,6 meter
  • Breidd: 19,2 meter
  • Innreiing: 126 personar i 91 lugarar, alle med dagslys

Energieffektivitet og innovasjon

  • TWIN X-STERN®
  • Fullintegrert kraft- og automasjonssystem
  • Store batteri
  • Generatorar med variabel fart 
  • Førebudd for metanol
  • Kapasitet til ekstra batteri 

Ta kontakt

Runar Muren DSC4429 comp bw

Runar Muren

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Relaterte nyheiter

Runar Muren DSC4429 comp bw

Runar Muren

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS