– Kunden tok kontakt med ei utfordring knytt til ein eksoskjel. Etter meir enn 20 år i drift måtte både vibrasjonsdemparar og strekkstag skiftast ut, og kjelen få ei overhaling. Sjølv om vi ikkje hadde ledig dokk eller kai, var svaret enkelt: Dette løyser vi, seier Låbakk.
Eit serviceteam vart sett saman og førebudd for å gå om bord for å få arbeidet gjort raskt og effektivt.

Ulstein leverer der kunden er
Arbeidet vart planlagt i tett dialog med kunden. Teamet tok med prefabrikkerte delar og verktøy og gjekk om bord i skipet i Torvika. Vel framme i Bergen vart skipet tømt for passasjerar, og oppdraget kunne starte.

Fire intensive dagar om bord
Teamet budde og arbeidde om bord, noko som ga ei effektiv gjennomføring og tett samarbeid med kunden. I løpet av fire intensive dagar vart arbeidet utført konsentrert og målretta og innanfor trygge rammer for alle involverte.
Servicearbeidet omfatta mellom anna:
- demontering og remontering av eksosrør
- utskifting av lokk på kjelen
- oppretting og justering
- montering av nye vibrasjonsdemparar og strekkstag
- innsveising av stivarar og naudsynte tilpassingar
Nye moglegheiter for ettermarknadstenester
– Dette oppdraget viser kva vi kan levere når vi kombinerer fagkompetanse, god planlegging og fleksibilitet, seier Låbakk.
– Vi tek ansvar, finn løysingar og leverer – også når oppdraget ligg utanfor Ulstein Verft. Det opnar nye moglegheiter for ettermarknadstenestene.








