Kranhiv ved Vard i Brattvåg med mobilkrana posisjonert på 'Flex'-lekter.

Kranjobb på Vard-verftet

7.-8. november 2020 var tungløftsavdelinga ved Vard-verftet i Brattvåg og monterte to McGregor-kraner på eit nytt kabelleggingsskip som er under bygging. Kranene kom med båt frå Kina, og vart lossa ned på 'Flex'-lekteren vår og ein innleigd lekter. Då vinden vart svak nok kunne ein montere (men regna gjorde det).

Publisert
11 november 2020
Del
  • Ulstein si mobilkran i ferd med å posisjonere McGregor-krana på kabelleggingsskipet ved Vard.
  • Demag CC2800-1-krana løftar McGregor-krana.
  • Demag CC2800-1 krana har eit standard oppsett på lekter på 60 meter bomlengde, 14 meter radius og 476 tonns kapasitet.
  • McGregor-krana vart løfta av Ulstein si mobilkran frå lekter.
  • McGregor-krana ved ankomst til Vard-verftet i Brattvåg.
  • Lekteren er 21 meter brei, 67 meter lang og kan ta ei last på 3697 tonn.
  • Mobilkrana Demag CC2800-1 kan løfte 400+ tonn frå lekteren.

Som ein del av jobben lossa også Ulstein av eit helidekk frå fraktebåten som kom med kranene. Helidekket var produsert på Stord til Vard Brattvaag sitt NB 872 og fraktebåten var innom Stord og henta med seg helidekket. Ulstein løfta det av og plasserte det 40 meter inne på land på Vard sitt område.

Demag CC2800-1-krana har eit standard oppsett på lekter på 60 meter bomlengde, 14 meter radius og 476 tonns kapasitet. Krana kan fraktast på Ulstein sin 'Flex'-lekter langs heile norskekysten.

Fotos: Egil Reidar Ørsal / Jostein Sørnes.

Siste nytt

Ulstein Verft DJI 0125
Pressemelding

Resultat for Ulstein i 2023

Ulstein Group hadde i 2023 ei omsetning på 1,4 milliardar kroner og eit driftsresultat på 49 millionar kroner. Kunnskap og erfaring frå Ulsteins meir enn hundreårige historie har skapt ein dynamisk og endringsvillig organisasjon som vi no dreg nytte av i overgangen til ei grønare og etterkvart meir fossilfri framtid. 

DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tilknytning
Ulstein Verft AS