The schooner IDEAL has been launched by the Ulstein Verft heavylift crane

Sjøsette skonnerten IDEAL

Den 31. mai 2016 sjøsette avdeling tungløft ved Ulstein Verft den 120-fots skonnerten IDEAL i Kristiansund. Skonnerten er ein nybygd kopi av eit skip bygd i 1910, og skal nyttast i skulesamanhengar og til maritim rekruttering.

  • IDEAL after launching
  • The schooner IDEAL prior to launching
  • IDEAL is a newbuild replica of a 1910 schooner

Tungløftsavdelinga frå Ulstein Verft er på plass på Nordmøre ein 14 dagars tid i samband med fleire løfteoppdrag. Til desse oppdraga nyttar dei lekteren, multiwheeler og ei beltekran med løftekapasitet 600 tonn. Det var difor naturleg å stille opp for å sjøsetje skonnerten frå Saltkaia i Kristiansund.
IDEAL er ein tremastra skonnert som er ein kopi av eit skip bygd i 1910 ved Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal i Hardanger. IDEAL skal nyttast som eit pedagogisk tilbod for mellom anna å vidareføre og ta vare på lokal maritim kultur. Skipet skal reise på opplevings- og leirskuleturar for storskulen og ungdomsskulen, men skal også mellom anna nyttast i maritim rekruttering.

Relaterte nyheiter

Løfting av laksemærer for Cermaq.
Artikkel

Tunge kranløft for lakseslakteri

I løpet av fire dagar i januar 2019 lossa tungløftsavdelinga ved Ulstein Verft delar til store ventemærer for Marine Construction AS, som Cermaq skal ha ved sitt nye lakseslakteri på Storskjæret ved Bogøy i Steigen kommune.

Kranløft
Kranhiv ved Vard i Brattvåg med mobilkrana posisjonert på 'Flex'-lekter.
Artikkel

Kranjobb på Vard-verftet

7.-8. november 2020 var tungløftsavdelinga ved Vard-verftet i Brattvåg og monterte to McGregor-kraner på eit nytt kabelleggingsskip som er under bygging. Kranene kom med båt frå Kina, og vart lossa ned på 'Flex'-lekteren vår og ein innleigd lekter. Då vinden vart svak nok kunne ein montere (men regna gjorde det).

Kranløft
Mobilkran i arbeid med å montere brubjelkar i Fauske
Artikkel

Monterte brubjelkar

14-17 juli 2018 var tungløftsavdelinga i Fauske og monterte 2 brubjelkar på 240 tonn og med 68 meters lengde til ny bru over Finneidstraumen på E6 for Kruse Smith entreprenør.

Kranløft
DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tilknytning
Ulstein Verft AS