Megamas

Megamas skriv kontrakt med Ulstein på skipskonseptdesign

Ulstein Design & Solutions AS skriv kontrakt om konseptdesign på kabelleggings- og reparasjonsfartøy. 

Megamas Resources, Singapore, har i samarbeid med Renaissance Technologies (RTM) inngått avtale med Ulstein Design & Solutions AS om design av eit nyutvikla og drivstoffeffektivt kabelleggings- og reparasjonsfartøy. 

Denne avgjerda har blitt tatt med omsyn til mangelen på kabelskip og ei aldrande flåte i kabelleggingsindustrien. Megamas Resources planlegg å introdusere to nybygg, der det første skal vere klart til arbeid tidleg i 2026, for å fylle etterspurnaden i marknaden.

Fartøya er designa for legging og vedlikehald av sjøkablar, både fiberoptiske telekommunikasjonskablar og kraftkablar, som dekker behova for å legge kabel innanfor havvindparkane og eksportkablar frå desse.  

Kabelskipa blir 120 meter lange med ei breidde på 23 meter. Dei har plass til 70 personar, har ei dødvektkapasitet på 8000 tonn, og kan oppnå ei hastigheit på 14 knop. 

Skipa har DP2-klasse (DP = dynamisk posisjonering) og kan operere på grunt vatn ned til 15 meter. Dei har også ein innebygd avansert akustisk sonar som kan produsere kart over havbotnen raskare og med høgare kvalitet, og sikre data med høgaste oppløysing og dermed redusere tid og kostnader. 

Skipa skal utrustast med to kabeltankar, der den eine skal utrustast med karusell- og spolesystem. Ein integrert hangar som gjer det mogleg med drift og skjerma vedlikehald av TROV (Trenching ROV, ROV = fjernstyrt undervassrobot) og ei A-ramme for utplassering av plog over hekken gjer at fartøyet kan utføre alle typar kabeltildekkingar. 

Megamas

- Vi er glade for å kunngjere at vi, saman med designarane frå Ulstein, vil syte for at kabelindustrien snart vil kunne få ikkje berre eitt, men to, nybygde, toppmoderne, kabelskip med høg yting. Vi tek sikte på å levere det beste av grøne løysingar til våre eksisterande og potensielle kundar i kabelindustrien, seier kaptein Tiew Sien Kheng, administrerande direktør for Megamas Resources. 

- Kabelleggingsindustrien er i vekst, og vi er glade for å levere konseptdesign for to nye fartøy i dette segmentet. Visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar og å sikre kunden langsiktig konkurranseevne. Vi er målretta når det gjeld å tilby design for kostnadseffektiv fartøysoperasjonar, med tanke på tryggleiken og komforten til mannskapet, og effektive operasjonar, seier Rolf Petter Almli, salssjef i Ulstein Design & Solutions AS. 

Ta kontakt

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

20241005 Olympic Notos OCLIN 19 MARTIN GISKEGJERDE
Artikkel

Store drivstoffinnsparingar med dei første CSOV-skipa med Ulstein sitt TWIN X-STERN®-konsept

Olympic er ein pioner i offshore-energisektoren. Med ein sterk fokus på berekraft har dei fleire gongar tatt kommersiell risiko ved å satse på nye fartøykonsept. Den seinaste investeringa i to nye havvindskip av typen 'Construction Service Operation Vessel' (CSOV), baserte på Ulstein Group si innovative TWIN X-STERN®-løysing, viser at ei slik satsing løner seg. Reiarlaget kan syne til reduksjonar i drivstofforbruk og utslepp på nær 50 prosent, i forhold til seglande CSOV-ar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 11 MARTIN GISKEGJERDE
Pressemelding

Ulstein har levert CSOV-fartøyet Olympic Notos til Olympic

Ulstein leverte havvindskipet Olympic Notos til Olympic den 13. november 2024. Dette toppmoderne fartøyet markerer ein viktig milepåle innan maritim innovasjon og yting. Skipet er eit serviceskip av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV). Som følgje av resultata frå søsterskipet, Olympic Boreas, seier reiarlaget at skipa "opererer med tett på 50 % reduksjon i drivstofforbruk samanlikna med andre seglande CSOV-ar."

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS