20240910 NB317 4665

Nexans feirar merkedag for nytt kabelleggingsfartøy

Den 10. september 2024 markerte Nexans blokkseremonien for sitt neste, toppmoderne kabelinstallasjonsfartøy, ‘Nexans Electra’ ved skrogverftet CRIST i Polen. Nybygget skal ferdigstillast ved Ulstein Verft i Noreg.

Publisert
11 september 2024
Del

Dei store blokkene som skal utgjere skroget vert no samanstilte, og representantar frå dei samarbeidande selskapa deltok på seremonien. Designet er eit resultat av samarbeid gjennom den samla ekspertisen til Nexans, Skipsteknisk, Ulstein Verft og NOV, alle er leiande innan design, konstruksjon, levering eller operasjon av denne typen avanserte installasjonsfartøy.

- Blokkseremonien for Nexans Electra fører oss nærmare enn nokon gong til å oppnå målet vårt om å elektrifisere verda på ein berekraftig måte. Vi ser fram til den dagen Electra er på sjøen og driv fram energiovergangen, seier Pascal Radue, EVP i Nexans Generation and Transmission Business Group.

- Fartøyet er veleigna for installasjon av komplekse kabelsamband ved vanskelege vêrforhold over heile verda, seier Lars Lühr Olsen, som er administrerande direktør ved Ulstein Verft. Han fortel vidare: 

-  Ulstein Verft skal ferdigstille skipet, inkludert utrusting, oppstart og testing, før levering i 2026. Vi er godt førebudde og klare til å fullføre dette spennande prosjektet for Nexans.

Globale energioperasjonar 

Nexans Electra representerer eit viktig steg framover innan offshore fornybar energi. Skipet bygger på Nexans si meir enn hundre års erfaring innan undersjøiske kabelinstallasjonar, med auka kapasitetar og forbetra eigenskapar.

Fartøyet er basert på eit ST-297 CLV-design frå Skipsteknisk, og er ein oppdatert versjon av søsterskipet Nexans Aurora som vart levert i 2021. Det er spesielt designa for å transportere og legge høgspente sjøkablar, inkludert buntlegging, kabelskøyting og -reparasjonar. Det er utvikla for å vere enkelt å manøvrere og oppretthalde presis posisjonering, sjølv i utfordrande vêrforhold.

Det toppmoderne, DP3-kabelleggingsfartøyet har svingskive på dekk som kan halde opptil 10 000 tonn, og ei under dekk med kapasitet på 3 500 tonn, og ein fiberoptisk tank som held 450 tonn fiberkabel. 

Fartøyet vil ha ei viktig rolle i installasjonen av Nexans sine sjøkablar som sikrar forbindelsar omkring i heile verda, mellom anna ved å kople havvindfarmar til straumnettet, å bygge kraftsamband mellom statar, og samband mellom øyar og fastland.

  • 20240910 NB317 4896
  • 20240910 NB317 4818
  • 20240910 NB317 4858
  • 20240910 NB317 4757
  • 20240910 NB317 4797
  • 20240910 NB317 4704
  • 20240910 NB317 4755
  • 20240910 NB317 4665

Ta kontakt

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS