Blue Ctrl personnel testing one of the operation stations

Ny dagleg leiar i Blue Ctrl

Det Ålesund-baserte selskapet Blue Ctrl gjer strategiske endringar i leiinga for å styrke selskapet sin vidare vekst og posisjon i den maritime teknologinæringa. Den 1. november startar Marielle Furnes Mannseth som dagleg leiar i selskapet. 

Publisert
03 november 2025
Del

Mannseth kjem frå stillinga som Group Brand & Sustainability Officer i Norwegian Hydrogen, og har frå tidlegare roller lang erfaring frå produktutvikling.  Ho har ein sterk teknologisk bakgrunn med mastergrad i informatikk og datavitskap frå Universitetet i Bergen, og har omfattande erfaring med innovasjon, produktutvikling og leiing frå både teknologiselskap og internasjonale merkevarer.

– Vi er stolte over å få Marielle med på laget. Ho har ei solid teknologiforståing og eit sterkt engasjement for innovasjon og berekraft, noko som passar svært godt med Blue Ctrl sitt strategiske fokus. Med hennar kompetanse og erfaring er vi trygge på at ho vil bidra til å vidareutvikle både organisasjonen og drifta, og styrke vidare vekst, seier styreleiar Johannes Volle.

Samtidig går noverande dagleg leiar Arne K. Dybvik over i ny rolle som kommersiell direktør. Dette er eit ledd i ei strategisk satsing på å styrke sal, kundeoppfølging og marknadsposisjonering.

  • Marielle bw 1
  • Arne IMG 3486a 1
  • Blue Ctrl Ias Web

– Endringa gir oss høve til å jobbe meir målretta med både kommersiell utvikling og intern organisering. Vi ser fram til å ønske Marielle velkomen, og til å gi Arne meir rom til å fokusere på sal og marknad, fortel Volle.

Blue Ctrl utviklar avanserte automasjons- og kontrollsystem for den maritime industrien med kundar både i inn- og utland. Blue Ctrl er eigd av Ulstein Group  – ein innovativ aktør med lang historie innan skipsbygging, skipsdesign, teknologi og service.

Ta kontakt

Marielle bw 1

Marielle Furnes Mannseth

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Blue Ctrl AS
AD

Arne K. Dybvik

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Blue Ctrl AS

Relaterte nyheiter

Ulstein
Pressemelding

Ulstein Digital blir med i Veracity-partnarnettverket for å fremje berekraftige maritime operasjonar

Ulstein Digital, eit nyetablert dotterselskap i Ulstein Group, vert ein del av DNV sitt partnarnettverk; Veracity. Partnarskapet gir ein saumlaus integrasjon mellom Ulstein sin dataplattform og Veracity, og overfører automatisk validerte MRV-data (Monitoring, Reporting, Verification). Denne automatiseringa reduserer manuelt arbeid vesentleg, og sparer tid og ressursar for maritime operatørar.

Marielle bw 1

Marielle Furnes Mannseth

Managing Director

Tilknytning
Blue Ctrl AS
AD

Arne K. Dybvik

Commercial Director

Tilknytning
Blue Ctrl AS