Dette er eit strategisk samarbeid for meir berekraftige og effektive maritime operasjonar gjennom digital innovasjon, og som ivaretek regelverket.
Med ein straumlinjeforma rapporteringsprosess vert datakvaliteten forbetra gjennom automatisering og høgare datafrekvens. Her sikrar ein samsvar med miljøreguleringar, og det gir også verdifull innsikt som bidreg til å identifisere forbetringsområde i operasjonane. Integrasjonen bidreg til meir effektiv, datadriven beslutningsstøtte og forenklar marine operasjonar.
Samarbeidet er eit viktig steg framover i den digitale vekststrategien vår. Ved å integrere vår dataplattform med Veracity, hjelper vi kundane våre med å forenkle utsleppsrapporteringa samtidig som vi sikrar høg dataintegritet og i samsvar med regelverk.
seier Johannes Volle, CFO i Ulstein Group og styreleiar i Ulstein Digital.

Vi er svært glade for å ønskje Ulstein Digital velkomen inn i økosystemet til Veracity frå DNV,
seier Mikkel Skou, administrerande direktør i Veracity frå DNV.
Dette markerer vår første integrasjon med eit verft og viser korleis skipsbyggjarar kan spele ei aktiv rolle i å akselerere digitaliseringa og levere pålitelege data for etterleving og operasjonell kvalitet frå starten av eit fartøy sitt livsløp.
Ulstein Digital vil fungere som det sentrale knutepunktet for alle digitale produkt og tenester som Ulstein Group tilbyr. Selskapet skal gi verdi for kunden gjennom å utnytte operasjonelle data frå Ulstein sine avanserte maritime system, inkludert Blue Box frå Blue Ctrl.
I første fase samarbeider Ulstein Digital med utvalde pilotkundar for å utvikle digitale løysingar for lovpålagt rapportering og bidra til auka operasjonell effektivitet. Denne kundesentrerte tilnærminga sikrar at verktøya er praktiske, testa i verkelege forhold og skreddarsydde til dei endra behova i den maritime industrien. Aktørar som er interesserte i å vere med og forme framtida innan maritim digitalisering vert inviterte til å tak kontakt og kan då dra nytte av fordelane ved å vere tidleg ute.
Nøkkelfordelar til kunden:
- Forenkla rapportering:
- Automatisk MRV-dataoverføring og verifisering reduserer kompleksitet og risiko.
- Forbetra datakvalitet:
- Validerte og verifiserte data sikrar nøyaktigheit og pålitelegheit
- Operasjonell effektivitet:
- Straumlinjeforma rapporteringsprosessar frigjer verdifull tid og ressursar
- Framtidsretta løysingar:
- Tilgang til innovative digitale verktøy skreddarsydde til maritime behov i stadig endring
Lanseringa av Ulstein Digital og partnarskapet med Veracity understrekar Ulstein Group sitt engasjemenr til å forme ei meir berekraftig og digitalt styrka maritim framtid.