Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

Publisert
02 desember 2024
Del

Aurora Expeditions er operatør for skipet, som er kalla opp etter den legendariske australske geologen og oppdagaren Douglas Mawson, og det toppmoderne fartøyet fører vidare Mawson si pionerånd. 

Interiørdesignet er utforma av Tomas Tillberg Design med målsetting om å bringe naturen inn. Det to-etasjes atriet og dei spektakulære framovervendte baugvindauga gir fører naturen tett på, og skaper ein saumlaus overgang frå den lune atmosfæren inne til dei storslåtte landskapa utanfor. Fellesroma inkluderer to restaurantar, barar, eit utandørs oppvarma symjebasseng, boblebad, eit treningsrom og sauna, og velværeområde. Der er også ein biblioteksalong, eit vitskapssenter, og eit forelesingsrom. Observasjonsdekka har panoramautsikt til natur og dyreliv.

SunStone Ships er eigaren av ein serie Ulstein-designa cruiseskip, der Douglas Mawson er nummer sju. Desse skipa introduserte det patenterte X-BOW-designet til cruiseindustrien.

X-BOW forbetrar ekspedisjonscruiseopplevingane. Baugforma gjer at skipet skjer som ein kniv gjennom bølgene, og gir ei meir komfortabel reise ved å minimere slag og vibrasjonar, redusere støy og forbetre drivstoffeffektiviteten. Med X-BOW kan ein observere landskapet rett framfor skipet frå brua eller eit høgareliggande dekk ovanfor utan å lene seg framover.

Sjølv om alle SunStone-skipa i denne klassen er designa over same plattform, med ei lengd på 104,4 meter og ei breidd på 18,4 meter, er dei alle tilpassa for å romme ulike tal passasjerar og mannskap. Douglas Mawson har totalt plass til 300 personar. Fellesromma er også designa for å tilpasse seg kunden sine ønske.

Alle fartøya i INFINITY-klassen er bygde ved China Merchants Heavy Industry (CMHI) verftet i Kina. 

  • Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2375
  • Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2457
  • Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468

Nøkkelfunksjonar:

  • Berekraft: Mindre motstand på grunn av ULSTEIN X-BOW gir meir effektiv segling med redusert drivstofforbruk, og dermed lågare miljøpåverknad
  • Komfort: ULSTEIN X-BOW er eit innovativt skrogdesign for rolegare segling, som minimerer slag og støy. Skipet har eit omfattande utval lugarar, inkludert enkeltlugarar, som sikrar ei komfortabel reise. Det er lagt vekt på store glas i skipsdesignet
  • Baugsalongen: Dei store vindauga kring salongen i baugen fyller området med naturleg lys, og gir inntrykk av å vere ein del av omkringliggjande naturen.

Fasilitetar om bord:

  • Oppvarma utandørs symjebasseng
  • To boblebad
  • Treningsrom og sauna
  • Vitskapssenter
  • To restaurantar og to barar
  • Biblioteksalong og forelesingsrom
  • Fleire observasjonsområde for panoramautsikt

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Motion compensated gripper frame
Pressemelding

Ulstein bidreg på integrasjonen av den rørslekompenserte gripearma for Heerema sin 'SSCV Thialf'

I tett samarbeid med Heerema har Ulstein Design & Solutions BV levert omfattande engineeringstenester for å integrere den innovative rørslekompenserte gripearma (motion-compensated gripper frame - MCGF) på Heerema Marine Contractors sin ‘SSCV Thialf’. Denne avanserte teknologien er avgjerande for effektiv installasjon av store monopælar for havvindparkar, og driv framgangen innan fornybar energi. Den halvt nedsenkbare kranfartøyet spelar ei essensiell rolle i å fremje havvindteknologi, og hjelper til med bygginga av framtidige vindparkar som er viktige for den globale energiomlegginga.

Energi
Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS