Shanghai Electric launch 2

Sjøsetting for Shanghai Electric sine SOV-skip

Det første av Shanghai Electric sine to Ulstein-designa SOV-skip (serviceskip for havvind) vart sjøsett ved ZPMC-verftet i Kina den 16. september 2023, medan det andre vart sjøsett den 12. oktober.

  • Shanghai Electric launch 1
    Dei to servicefartøya (SOV-skip) for Shanghai Electric Windpower Group er dei første dedikerte SOV-ane som har vore designa for den kinesiske havvindindustrien.
  • Shanghai Electric Launc 2000 px Johs Lucy
    Ulstein sin site manager ved ZPMC-verftet Enwang Liu, saman med administrerande direktør Johannes Røren og sals- og marknadsdirektør Lucy Lu i Ulstein Marine Systems, ved sjøsettingsseremonien.
  • Shanghai Electric launch 6
    Ulstein sitt samarbeid med ZPMC-verftet går tilbake til 2012 då tungløftfartøydesignet ULSTEIN DLS 4200 vart konstruert der.
  • Shanghai Electric launch 4
    Innreidd for høvesvis 60 og 100 POB, vil desse skipa kunne yte svært effektiv, robust og moderne havvindservice til sluttkundane.
  • Shanghai Electric launch 3
    Eit tett samarbeid mellom Ulstein, ZPMC-verftet og Shanghai Electric har lagt eit sterkt grunnlag for prosjekta.
  • Shanghai Electric launch 5
    Skipsdesignkontrakten mellom ZPMC Shipyard og Ulstein Design & Solutions AS vart signert i januar 2022.
  • SX197 launching 20231012 copy
    Det andre skipet er av designtypen ULSTEIN SX197 og vart sjøsett 12. oktober 2023.

Dei to fartøya er av ULSTEIN SX195- og SX197-design og har kapasitet til høvesvis 100 og 60 personar om bord. Dei er dei første SOV-ane, forkortinga står for Service Operation Vessels, som er spesiallaga for havvindparkar i Kina, og er planlagde å kome i arbeid i 2024.

Shanghai Electric launch 4
Innreidd for høvesvis 60 og 100 POB, vil desse skipa kunne yte svært effektiv, robust og moderne havvindservice til sluttkundane.

Dei to fartøya har dei karakteristiske Ulstein-designelementa, ULSTEIN X-BOW og X-STERN, og vil syte for svært effektive og solide operasjons- og vedlikehaldstenester (Operations & Maintenance – O&M). Med batteri installert vil fartøya ha mindre miljøpåverknad når dei gjer servicearbeid i fornybar-energisektoren.

Til stades på sjøsettingsseremonien var mellom anna utbyggjarar av havvindparkar i Kina, inkludert State Power Investment Corporation, Three Gorges Corporation ogChina Nuclear Power. Eigarane av havvindparkane verdset dei effektive, spesialdesigna SOV-ane, og ser fram til at dei kan ta til arbeidet på havvindparkane.

Ta kontakt

Lucy bw

Lucy Lu

Beskrivelse
Sales & Marketing Director
Tilknytning
Ulstein Marine Systems (Shanghai) Co. Ltd
Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Relaterte nyheiter

Lucy bw

Lucy Lu

Sales & Marketing Director

Tilknytning
Ulstein Marine Systems (Shanghai) Co. Ltd
Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS