Løfting av laksemærer for Cermaq.

Tunge kranløft for lakseslakteri

I løpet av fire dagar i januar 2019 lossa tungløftsavdelinga ved Ulstein Verft delar til store ventemærer for Marine Construction AS, som Cermaq skal ha ved sitt nye lakseslakteri på Storskjæret ved Bogøy i Steigen kommune.

Publisert
23 januar 2019
Del
  • Lekter og mobilkran saman med nokre av båtane som deltok.
  • Nokre av dei kjekke arbeidsmaurane. Alle fotos tatt av Ulstein Verft v/Egil Reidar Ørsal.
  • Lekteren med mærene som skal lossast.
  • Rammene vert løfta av lekteren.
  • Delar som er kobla saman til heile rammer.

Det var snø på dekket av lekteren ved ankomst, og vekslande vêr med snø gjorde arbeidet litt meir tungvint med snømoking.

Cermaq stilte med 5 arbeidsbåtar og mange trivelege arbeidsmaur. Vekta på delane var ikkje stor (66-90 tonn), men som følgje av storleiken måtte langt løfteutstyr nyttast.

Båtane som var med var Engeløy, Poseidon, Polar Viking, Breidsund og Raneson.
 

Tungløftsavdelinga i Ulstein Verft tilbyr krantjenester og lektertransport til maritime og kystnære oppdrag

Siste nytt

Gunvor Ulstein photo Marius Beck Dahle
Pressemelding

Gunvor Ulstein utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group

I november 2023 kom den tidlegare konsernsjefen i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, tilbake som konstituert konsernsjef. I eit styremøte i Ulstein Group den 25. januar 2024 vart ho utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group.

Steel cut cermony Nexans nb 317
Pressemelding

Brennestart for Nexans sin neste CLV

Den 19. januar 2024, på dagen fire månader etter at skipsbyggingskontrakten vart signert, kunne Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft feire oppstarten på bygginga av Nexans sitt neste kabelleggingsfartøy. Til stades på brennestartsseremonien ved skrogverftet Crist var representantar frå Nexans, Ulstein Verft, DNV og Crist. 

DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tilknytning
Ulstein Verft AS