Erfaring og filosofi
Kvart fartøy frå Ulstein er eit resultat av ingeniørkunst kombinert med ein filosofi som vektlegg funksjonalitet, modularitet og standardisering. Målet er å skape plattformer som kan tilpassast eit breitt spekter av oppdrag frå overvaking og logistikk til søk, redning og NATO-operasjonar.

Designstrategi og nøkkelfunksjonar
Designstrategien bak desse konsepta er å utvikle ei effektiv maritim plattform med eit fleksibelt dekksarrangement som kan tilpassast dei varierte oppdragskrava fartøya vil møte i levetida. Tilpassingsdyktigheit er ein grunnleggande premiss, og konsepta er utforma for å vere enkle å vedlikehalde, oppgradere og oppdatere, slik at dei kan møte framtidige behov på ein effektiv måte.
Nokre av dei unike funksjonane i desse konsepta omfattar:
- Fleksibelt plattformdekk:
- Eit ope akterdekk gir rom for fleksible oppsett, medan det integrerte "skidding-systmet" legg til rette for rask mobilisering og demobilisering av utstyr, varer og komponentar.
- Framifrå sjøeigenskapar:
- X-BOW® er eit proprietært skrogdesign som gir betre sjøeigenskapar, redusert drivstofforbruk og lågare utslepp. Dette gir effektiv drift uavhengig av vêrforhold, redusert støy og betre komfort for mannskapet.
- Energieffektiv drift:
- ULSTEIN® POWER VSG er ei framdrifts- og energiløysing som gir høg operasjonell fleksibilitet og energieffektivitet. Denne løysinga støttar både dagens krav og framtidige behov for energieffektive operasjonar.
- Trygt, komfortabelt og attraktivt arbeidsmiljø:
- Så sivilt som mogleg: Rekruttering er avgjerande for å sikre framtidig drift av desse fartøya. Skipa er designa for minimale rørsler, og lugarar og fellesareal ligg tett opp mot sivile standardar for å auke attraktiviteten til fartøyet som arbeidsplass.

Kapasitet og leveranse
Ulstein kombinerer solid teknisk kompetanse med evna til å utvikle nye praktiske løysingar. Sidan etableringa i 1917 har Ulstein ei referanseliste på over 300 nybygg. Etter innføringa av den nye designserien Ulstein-design i 2000 har selskapet levert meir enn 50 fartøy frå eige verft og over 100 frå andre verft i inn- og utland. Dette gir sikkerheit for at Ulstein har kapasitet, kompetanse og pålitelegheit til å levere komplekse fartøyløysingar i stor skala.)
Ambisjonen med å utvikle dei standardiserte fartøya er ikkje berre å levere 28 fartøy til den norske marinen, men å utvikle ein ny standard for sjømilitære operasjonar og styrke norsk skipsbyggingsindustri.
Norsk identitet og strategisk verdi
Ulstein er forankra i norsk kompetanse og innovasjon. Med erfaring frå avansert kommersiell skipsdesign og evne til å møte militære krav, utviklar Ulstein fartøy som gir fleksibilitet, beredskap og lang levetid.
For Sjøforsvaret handlar dette ikkje berre om nye skip, det handlar også om å sikre ein flåte som er tilpassa framtidas operasjonar.
Ulstein ser fram til å vidareutvikle fartøykonsepta saman med Kystvakta og Marinen for å for å realisere ein serie standardiserte sjømilitære fartøy med sivile løysingar.









