Komplett kompetanse og kapasitet
Verftssamarbeidet kombinerer leiande designekspertise og påliteleg europeisk skrogproduksjon med effektive verftskapasitetar og ei ei etablert forsyningskjede i Noreg. Å velje eit norsk verft er viktig for verdiskaping. Ein skipsbyggingsordre plassert ved eit norsk verft fører i snitt til 80% verdiskaping hos norske leverandørar, og ein verftsarbeidsplass skaper 5-6 andre jobbar.
Larsnes og Ulstein har til saman levert 65 fartøy med lengder frå 36 til 160 meter dei siste 15 åra, med eit gjennomsnitt på fire fartøy per år. Verfta har erfaring med både nybygg og parallelle livssyklustenester for fartøy i arbeid.
Verfta har samla kapasitet til å designe, detaljteikne, bygge, teste og ferdigstille alle dei 28 standardfartøya til Sjøforsvaret, og å gi støtte gjennom heile livssyklusen med reparasjonar, vedlikehald, oppgraderingar og digitale tenester for optimal drift.

Erfaring og tilpassing
Larsnes/Ulstein har vore involverte i service og ettermarknad av båtar til Sjøforsvaret, og har lang erfaring med å gå inn i nye marknader og levere komplekse fartøy med høge krav. Eit eksempel er Ulstein si nylege satsing innan cruise, der selskapet har sett ein ny standard for avanserte ekspedisjonsskip.
Når partane no går inn i forsvarssegmentet, er denne omstillingskompetansen og -evna avgjerande. Vi vil bruke vår erfaring frå sivile skip, og jobbe tett med kunden og spesialiserte underleverandørar på våpensystem for å møte dei militære krava.
Det mest kritiske er integrasjonen av militære system i sivile plattformer, noko som krev strukturert samarbeid, klare grensesnitt og tett dialog med forsvarsaktørar. Vi vil etablere dedikerte prosjektteam med kompetanse på sikkerheit, klassereglar og militære standardar for å sikre at integrasjonen skjer på ein trygg og effektiv måte.

Skipsbyggingssamarbeid
Partnarskapet inkluderer samarbeid med skrogprodusentar i NATO-landet Polen (Gdansk og Gdynia). Både Larsnes og Ulstein har oppdaterte og framtidsretta anlegg som er blant dei mest effektive i Nord-Europa, med overbygde tørrdokker, spesialiserte verkstadar og høgt kvalifisert personell.
Ved begge lokasjonar er det moglegheit for utviding, som sikrar skalerbar kapasitet for å møte Forsvarets behov og eventuell framtidig flåtevekst. Geografisk ligg verfta midt i kjernen av Noregs viktigaste maritime klynge, med naturleg skjerma hamner i overgangen mellom Nordsjøen og Norskehavet.
Livssyklusoppfølging
Saman representerer Larsnes/Ulstein ei robust og framtidssikker løysing for Sjøforsvarets behov for livssyklusstøtte, med løysingar for fjernovervaking og prediktivt vedlikehald.
Med kombinasjonen av førsteklasses fasilitetar, ekspansjonspotensial, digitale løysingar og leveringsevne, posisjonerer Larsnes/Ulstein seg som pålitelege partnarar for å utvikle framtidas norske forsvarsfartøy.





