Ulstein designed FFIV for Cyan Renewables 1

Ulstein designar skip til Cyan Renewables for installasjon av havvindfundament

Det Singapore-baserte selskapet Cyan Renewables har valt Ulstein Design & Solutions BV, Nederland, til å designe ein serie installasjonsfartøy (FFIV) for store botnfaste havvindfundament.

Behovet for installasjonsfartøy som kan gjere tunge løft er aukande, og denne typen skip vil gjere det mogleg for Cyan å bidra til utviklinga av havvindindustrien.

- Med den sterke referanselista innan design av tungløftsfartøy og god forståing for marknadsavgrensingar og krav, er Ulstein den føretrekte partnaren til å designe dei nye fartøya våre, seier Torgeir E. Ramstad, administrerande direktør i Cyan sin FFIV-divisjon.

FFIV er ei forkorting for Floating Foundation Installation Vessels. Slike skip kan installere turbinfundament medan dei ligg på dynamisk posisjon, i motsetnad til ein rigg eller jack-up.

Ramstad held fram:

- Vi set oss som mål at Cyan Renewables skal vere ein leiande global leverandør av fartøy til havvind ved at vi samarbeider med utviklarar og kontraktørar om framtidsretta skip.

Edwin van Leeuwen, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions BV, set pris på samarbeidet.

- Vi er veldig glade for at Cyan verdset kvalitetane våre og vel oss som partnar for å realisere ambisjonane sine innan havvind. Tilbake i tid spådde vi at det ville bli ein mangel på fundamentinstallasjonsfartøy. Utviklinga går raskt og vi har sidan då arbeidd med å utvikle framtidas installasjonsfartøy for å støtte veksten i havvindindustrien.

NYUTVIKLA DESIGNLØYSINGAR

Dei nye skipa vil ha dekksplass og krankapasitet store nok til å møte utviklinga innan fundamentdesign, inkludert monopålar og såkalla jackets. I tillegg vil dei òg ha lave utslepp ved at det vert brukt eit hybridkraftsystem som består av dual-fuel-motorar (metanol), landstraum og batteri.

ULSTEIN BLENDED DESIGN

- For ein del av FoU-arbeidet vårt tok vi i bruk ein ny metode, som vi kallar Ulstein Blended Design, for å utvikle forretningsplanen og skipsdesignet samtidig. Med denne metoden utforska vi fleire tusen skipsdesign for å kome fram til dei mest framtidssikre løysingane, seier Ko Stroo, som er produktsjef/leiande skipsdesignar i Ulstein Design & Solutions BV.

- Vi jobba med fleire ulike framtidsbilde i offshorevind, noko som bidrog til å finne dei optimale kombinasjonane for Cyan sin forretningsplan og framtidige design, fortel han.

Ulstein designed FFIV for Cyan Renewables 1

OM SELSKAPA

ULSTEIN DESIGN & SOLUTIONS B.V. spesialiserer seg på design og utvikling av framtidas skip innan offshore energimarknaden, frå enkle til komplekse løysingar. Vi pressar på for berekraftige løysingar. I tillegg til nybyggdesign er Ulstein Design & Solutions aktivt involvert i rådgjeving og moglegheitsstudiar for oppgradering av fartøy.

ULSTEIN er eit familieeigd konsern med hovudkontor i Ulsteinvik. Ulstein leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden innanfor segment som offshore energi, ekspedisjonscruise og fiske. I over 100 år har Ulstein vore assosierte med innovasjon og kvalitet innan design og levering, og møter dei krevjande marine utfordringane ved å omfamna endringar og identifisera moglegheiter. Ulstein sin visjon er å skapa morgondags løysingar for berekraftige marine operasjonar.

CYAN RENEWABLES er Asias første reindyrka havvindreiarlag som yter tenester til den raskt veksande havvindparkindustrien globalt. Teamet blir leidd av industriveteranar baserte i Singapore og Danmark og selskapet skal eige og leige avanserte fartøy til å følgje opp heile livssyklusen til havvindparkar.

*Jackets = Undersjøisk fagverkskonstruksjon som står på havbotnen.

Ulstein designed FFIV for Cyan Renewables 4

Ta kontakt

Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.

Siste nytt

Ulstein
Pressemelding

Ulstein designar banebrytande tungløftsfartøy for Penta-Ocean Construction

Japanske Penta-Ocean Construction har gitt Ulstein Design & Solutions B.V. , Rotterdam, oppdraget med å designe sitt nye tungløftsfartøy for installasjon av havvindfundament. Skipet er basert på ein versjon av designet ULSTEIN HX118 og vil ha ei 5 000-tonns kran frå Huisman og hekkforma ULSTEIN U-STERN™, som gjer det mogleg å installere dei stadig større monopålefundamenta.

Motion compensated gripper frame
Pressemelding

Ulstein bidreg på integrasjonen av den rørslekompenserte gripearma for Heerema sin 'SSCV Thialf'

I tett samarbeid med Heerema har Ulstein Design & Solutions BV levert omfattande engineeringstenester for å integrere den innovative rørslekompenserte gripearma (motion-compensated gripper frame - MCGF) på Heerema Marine Contractors sin ‘SSCV Thialf’. Denne avanserte teknologien er avgjerande for effektiv installasjon av store monopælar for havvindparkar, og driv framgangen innan fornybar energi. Den halvt nedsenkbare kranfartøyet spelar ei essensiell rolle i å fremje havvindteknologi, og hjelper til med bygginga av framtidige vindparkar som er viktige for den globale energiomlegginga.

Energi
Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.