20241005 Olympic Notos OCLIN 19 MARTIN GISKEGJERDE

ULSTEIN® POWER VSG - Ny standard for energieffektivitet på skip

ULSTEIN® POWER Variable Speed Generator (VSG) gjer kraftproduksjonen på skip meir effektiv ved å operere med variabelt turtal på generatorar. Saman med tekniske tiltak og sjølve skipsdesignet har dette gitt eit rekordlågt drivstofforbruk på berre 2,7 tonn per døgn i løpet av ei veke med DP-operasjonar (dynamisk posisjonering) på havvindskipet Olympic Boreas.

Publisert
19 november 2024
Del

Ved å køyre generatorane med  variabel hastigheit optimaliserer ein kraftproduksjonen etter fartøyet sitt energibehov. Tekniske tiltak om bord har redusert kraftbehovet til 250-300 kilowatt under visse forhold. Med så låge kraftkrav er variabel hastigheit mykje meir effektiv enn konstant hastigheit, noko som gir lågare energiforbruk per produsert kilowattime.

Les kva reiarlaget seier om dei store drivstoffreduksjonane på Olympic Boreas: Store drivstoffinnsparingar med dei første CSOV-skipa med… | Ulstein 

  • 20241005 Olympic Notos OCLIN 19 MARTIN GISKEGJERDE
  • Ulstein delivered CSOV Olympic Notos CR Ulstein Group 02
  • IMG 0455

Fleire selskap i Ulstein Group har vore med på å planlegge, utvikle og bygge havvindskipa Olympic Boreas og Olympic Notos til Olympic. Prosessen starta med eit energieffektivt skrog og grundige vurderingar av system og komponentar. Då hovuddimensjonar, sjøeigenskapar og oppetid var på plass, analyserte Ulstein Design & Solutions AS korleis skipet kunne bli så energieffektivt som mogleg, med tanke på ulike system- og framdriftsløysingar for å få best mogleg energibruk og -gjenvinning.

ULSTEIN POWER VSG, utvikla av Ulstein Power & Control, set nye standardar for effektivitet, berekraft og yting i marine AC-kraftsystem. Det forbetrar drivstofforbruket, reduserer utslepp, forbetrar systemytinga og reduserer vedlikehaldskostnadane. AC-systemet er basert på kjente, robuste tekniske løysingar, og gir reiarlaga ei påliteleg løysing.

Ulstein 2024 web 0994 2880

Olympic fekk store drivstoffinnsparingar på Olympic Boreas

Olympic Boreas har eit drivstofforbruk som ligg nesten 50 % lågare enn samanliknbare CSOV-ar. Dette viser korleis ULSTEIN POWER VSG, dei tekniske tiltaka og skipsdesignet saman kan forbetre drivstoffeffektiviteten og redusere driftskostnadane, og setje ein ny standard i den maritime industrien.

Kan brukast på mange ulike skip

ULSTEIN POWER VSG er så allsidig at det kan brukast på mange ulike fartøy, som offshorefartøy, ekspedisjonscruisefartøy og havbruksfartøy. Systemet sine nøkkelkomponentar er kraftkomponentane, energilagringsløysingar og eit toppmoderne kraft- og energistyringssystem.

Oppfyller og overgår krava til moderne maritime operasjonar

ULSTEIN POWER VSG er eit stort steg framover for marine kraftløysingar. Ulstein har levert ei løysing som oppfyller og overgår krava til maritime operasjonar ved å kombinere variabel hastigheit med avanserte automasjons- og energistyringssystem. 

Industrien har fokus på berekraft og effektivitet, og ULSTEIN POWER VSG står fram som eit viktig alternativ for grøne marine kraftløysingar framover.

Ulstein 2024 web 1815

Meir om ULSTEIN POWER VSG

ULSTEIN POWER VSG er eit smart system som justerer turtalet på generatorane for å gjere kraftproduksjonen på skip meir effektiv. I staden for å gå med konstant hastigheit, tilpassar generatorane seg etter behovet. Dette gir store fordelar som lågare drivstofforbruk, mindre utslepp og betre systemytingar.

Nøkkelkomponentar

ULSTEIN POWER VSG-systemet består av fleire viktige komponentar:

  • Kraftkomponentane: Generatorar og inverter arbeider alltid optimalt i forhold til skipets kraftbehov.
  • Energilagringsløysingar: Gir umiddelbar kraft for rask respons og støttar dynamisk kraftbehov ved krevjande operasjonar.
  • Kraft- og energistyringssystem: Eit avansert kontrollsystem som overvakar og styrer kraftkomponentar og energilagring, og sikrar optimal drift og høg effektivitet.

Fordelar med ULSTEIN POWER VSG

ULSTEIN POWER VSG har ei rekke fordelar som skil det frå konvensjonelle kraftsystem:

  1. Betre drivstoffeffektivitet: Ved å tilpasse generatorens fart etter behov, sparer ein mykje drivstoff.
  2. Mindre utslepp: Mindre drivstoffbruk gir lågare utslepp, noko som hjelper fartøya å overhalde strenge miljøreguleringar.
  3. Betre systempålitelegheit: Med eit batterisystem som lagrar energi, får ein stabil kraftforsyning uavhengig av belasting.
  4. Lågare vedlikehaldskostnader:  Variabel fart gir betre forbrenning og mindre slitasje på motoren, noko som gir mindre vedlikehaldskostnad. Drift ved variabel hastigheit har potensial til å auke tida mellom service med 50-70 %.
  5. Det beste frå begge verder: Kombinerer variabelt turtal med standard, robust 690VAC lågspenningsteknologi og avanserte energilagringssystem, og set ein ny standard for effektivitet i den maritime industrien. 

ULSTEIN POWER VSG kan brukast på mange ulike skip, som:

  • Offshorefartøy: Gir påliteleg og effektiv kraft for fartøy som opererer med dynamisk posisjonering (DP).
  • Ekspedisjonscruisefartøy: Sikrar jamn og effektiv kraftforsyning, og gir betre komfort og pålitelighet.
  • Havbruksfartøy: Passar godt for fartøy med variabelt kraftbehov, og reduserer miljøavtrykket monaleg.
2024 06 24 Olympic Boreas Yno 318 CR ULSTEIN 7

Ta kontakt

Rolf Ottar Rovde DSC4480 comp bw

Rolf Ottar Rovde

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Power & Control AS

Siste nytt

Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 19 MARTIN GISKEGJERDE
Artikkel

Store drivstoffinnsparingar med dei første CSOV-skipa med Ulstein sitt TWIN X-STERN®-konsept

Olympic er ein pioner i offshore-energisektoren. Med ein sterk fokus på berekraft har dei fleire gongar tatt kommersiell risiko ved å satse på nye fartøykonsept. Den seinaste investeringa i to nye havvindskip av typen 'Construction Service Operation Vessel' (CSOV), baserte på Ulstein Group si innovative TWIN X-STERN®-løysing, viser at ei slik satsing løner seg. Reiarlaget kan syne til reduksjonar i drivstofforbruk og utslepp på nær 50 prosent, i forhold til seglande CSOV-ar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 11 MARTIN GISKEGJERDE
Pressemelding

Ulstein har levert CSOV-fartøyet Olympic Notos til Olympic

Ulstein leverte havvindskipet Olympic Notos til Olympic den 13. november 2024. Dette toppmoderne fartøyet markerer ein viktig milepåle innan maritim innovasjon og yting. Skipet er eit serviceskip av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV). Som følgje av resultata frå søsterskipet, Olympic Boreas, seier reiarlaget at skipa "opererer med tett på 50 % reduksjon i drivstofforbruk samanlikna med andre seglande CSOV-ar."

Rolf Ottar Rovde DSC4480 comp bw

Rolf Ottar Rovde

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Power & Control AS