ULSTEIN SX222 JP Morgan x4 web

Ulstein Verft: Kontraktar på bygging av to CSOV-skip for J.P. Morgan

Ulstein Verft skal bygge to CSOV-skip av ULSTEIN SX222-designet. Kontraktane er inngått på vegne av institusjonelle investorar under leiing av J.P. Morgan Asset Management og inkluderer to opsjonar.

I 2023 kontraherte Bernhard Schulte Offshore design og bygging av to slike skip frå Ulstein, ein kontrakt som inkluderte opsjonar på to pluss to fartøy. Desse opsjonane har vorte overførte til investorane, og dei to første vert no erklært. 

Skal yte tenester for ei grønare framtid

CSOV-ane vil bli utstyrte med hybrid batteriframdrift og vere førebudde for grønt metanol som vil mogleggjere karbonnøytrale operasjonar.  

- Vi er glade for å utvide den noverande aktiviteten vår innan vedlikehald i havvindsektoren, kommenterer Andrian Dacy, som er Global Head i J.P. Morgan Asset Management’s Global Transportation Group. Han legg til: 

- Desse CSOV-ane er baserte på det siste innan teknologi og vil ha ei kritisk rolle i utviklinga og leveringa av fornybar energi og den globale energidekarboniseringa. 

 - Havvindindustrien står sentralt for å kunne oppnå klimamåla, og vi meiner at dei drivstoffeffektive skipa våre vil vere viktige brikker for å nå desse måla, seier konsernsjef i Ulstein, Gunvor Ulstein. 

Om skipa

Skipa har ei stor, sentralt plassert, rørslekompensert gangbru og heistårn for personell- og lastoverføringar. Det er vidare installert ei 3D-kompensert kran som kan løfte fem tonn offshore-laster. Logistikken om bord er optimalisert, og inkluderer stor lagringskapasitet og trinnlaus tilkomst til offshoreinstallasjonane.

Fartøya har ei lengd på 89,6 m og ei breidd på 19,2 m. ULSTEIN SX222-designplattforma er tilpassa behovet til reiaren, inkludert enkeltlugarar for 110 personar. Til saman vil fartøya kunne romme 132 personar. Skipa vil ha hybrid batteridrift og vere førebudde for metanol slik at karbonnøytrale operasjonar er moglege. Skipa er fleksible og attraktive for arbeid innan område som O&M (Operation and Maintenance) eller konstruksjonsstøtte, spesielt i utfordrande vêr- og sjøforhold.

Om J.P. Morgan Global Transportation Group

 J.P. Morgan Global Transportation Group har investert i transportindustrien sidan 2010 og forvaltar over 8 milliardar dollar i transportverdiar innan ulike segment som mellom anna inkluderer det maritime, energilogistikk, jernbane og luftfart. Dei har ei langsiktig tilnærming til investeringar, dette omfattar både investeringar i eigedelar, plattformutvikling og bedriftsoppkjøp for å bygge stor skala og sikre ein betydeleg marknadsposisjon.

Om Ulstein Group

Ulstein er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. Visjonen er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar.  I meir enn 100 år har Ulstein utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

--

Kontaktar:

J.P. Morgan Global Transport Group: Stephen Z. Wong, managing director, [email protected]

Ulstein Verft: Sales Manager Newbuild Kolbjørn Moldskred, +47 957 22 099, email: [email protected]

ULSTEIN SX222 JP Morgan x4 web

Siste nytt

Gunvor Ulstein photo Marius Beck Dahle
Pressemelding

Gunvor Ulstein utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group

I november 2023 kom den tidlegare konsernsjefen i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, tilbake som konstituert konsernsjef. I eit styremøte i Ulstein Group den 25. januar 2024 vart ho utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group.

Steel cut cermony Nexans nb 317
Pressemelding

Brennestart for Nexans sin neste CLV

Den 19. januar 2024, på dagen fire månader etter at skipsbyggingskontrakten vart signert, kunne Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft feire oppstarten på bygginga av Nexans sitt neste kabelleggingsfartøy. Til stades på brennestartsseremonien ved skrogverftet Crist var representantar frå Nexans, Ulstein Verft, DNV og Crist.