Lossing av rør

Frakta rør 300 nautiske mil

Tungløftsavdelinga i Ulstein transporterte nyleg rør frå Håem/Håhjem på Sunnmøre til Storåvatn Kraftverk i Nordland, ei sjøreise på om lag 300 nautiske mil. Oppdraget vart utført for Hywer AS. 295 rør vart frakta på lekter med taubåt langs kysten. Røra hadde ei totalvekt på 1500 tonn, og det tyngste røret vog sju tonn.

Publisert
05 november 2021
Del

Berekninga av sjøsikringa vart utført av Norships AS for Hywer AS. I tillegg fekk tungløftsavdelinga ein avtale om å teikne og bygge ei køyrebru, 3,5 meter brei og 12 meter lang, for at lastebilar og mobilkrana kunne køyre om bord i lekteren frå land. Med tanke på HMS har vi lyssett denne og sett opp rekkverk.

Kontrakten med Hywer vart stadfesta med oppstart 8. oktober 2021, og nokre dagar før det hadde vi teikna og berekna køyrebrua. Køyrebrua var ferdig produsert, sveisa og funksjonstesta før avgang Ulstein Verft måndag 25. oktober.

Morgonen etter, 26. oktober, var FLEX-lekteren framme på Håem der folk frå Einar Valde køyrde røra frå lager til kai, og Crane Norway var hyra inn med kran. Ulstein sitt personell hadde jobben med å ta i mot og plassere lasta. Torsdag kveld var lastinga ferdig, og slepebåten som vi hadde bestilt frå Stadt Florø var klar same kveld til å starte slepet frå Håhjem og nordover. Ferda gjekk så til Sandnessjøen og Helgelandsbase der vi fekk om bord ei kran frå Nordlandskrana AS, før lekteren heldt fram til Sørfjorden. Tysdag kveld 2. november var lekteren ferdig fortøydd. Så vart køyrebrua lagt på plass, og rekka blei montert og lyssett. Det blei brukt to bilar til frakt, og Crane Norway hadde kran på land, alt organisert av Helgeland Kran og Spesialtransport AS.

Det var planlagt fire dagar til lossing, men som følgje av effektive lossemannskapar vart arbeidet utført på tre dagar. Lekteren tok til på returen til Ulsteinvik 5. november, og forventa returtid er om lag to og eit halvt døgn.

Takk for all god hjelp frå Ulstein Verft for å gjennomføre dette oppdraget.

Siste nytt

Motion compensated gripper frame
Pressemelding

Ulstein bidreg på integrasjonen av den rørslekompenserte gripearma for Heerema sin 'SSCV Thialf'

I tett samarbeid med Heerema har Ulstein Design & Solutions BV levert omfattande engineeringstenester for å integrere den innovative rørslekompenserte gripearma (motion-compensated gripper frame - MCGF) på Heerema Marine Contractors sin ‘SSCV Thialf’. Denne avanserte teknologien er avgjerande for effektiv installasjon av store monopælar for havvindparkar, og driv framgangen innan fornybar energi. Den halvt nedsenkbare kranfartøyet spelar ei essensiell rolle i å fremje havvindteknologi, og hjelper til med bygginga av framtidige vindparkar som er viktige for den globale energiomlegginga.

Energi
DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tilknytning
Ulstein Verft AS