Anerkjende for maritime innovasjonar
- At tre Ulstein-designa fartøy vert premierte samtidig, viser den innovative ånda i designmiljøet vårt, seier Runar Muren, leiar for Design & Solutions-forretningsområdet i Ulstein Group.
To av desse prisvinnande fartøya vart designa av Ulstein Design & Solutions AS i Noreg, og eitt av Ulstein Design & Solutions BV i Nederland. Prisane anerkjenner selskapa sitt arbeid med å sette seg inn i kva kunden treng for å utøve oppgåvene sine på den mest tenlege måten, og å svare på dette med kvalitetløysingar og maritime innovasjonar.
JSD 6000:
Dette allsidige tungløfts-rørleggingsfartøyet vart bygd av Shanghai Zhenhua Heavy Industries (ZPMC) for Saipem. Det har ei totallengde på 215,9 meter, ei breidde på 49 meter, og har plass til 399 personar. Det har ei 5.200-tonns kran, to 50-tonns 'knuckle boom'-kraner, ein stor moonpool, og eit DP3-system. Det kan leggje rørleidningar på djupner opp til 3 000 meter.
Olympic Boreas:
CSOV-skipet vart levert av Ulstein Verft til Olympic Subsea. Det har eit hybrid diesel-elektrisk framdriftssystem og landstraumtilkopling for utsleppsfri lading, det nye TWIN X-STERN skrogdesignet, og har plass til 126 personar. Det måler 89,6 meter i lengd, 19,2 meter i breidde, og har 440 kvadratmeter dekksareal og 500 kvadratmeter lagerplass.
Tamhae 3:
Skipet er bygd for KIGAM av HJ Shipbuilding and Construction. Det kan utføre havbotnkartlegging med høg oppløysing, sedimentprøvetaking og 3D/4D-utforsking. Skipet har eit isforsterka skrog og ULSTEIN X-BOW design, eigna for ekstreme forhold og sensitive marine område. Fartøyet er 92 meter langt, 21 meter breitt og kan halde ei fart på 15 knop med 36 000 km rekkevidde.
BairdMaritime.com sin omtale av dei tre skipa:
JDS 6000:
AWARDS 2024 | Best Derrick Layer – JSD6000 – Ulstein
OLYMPIC BOREAS:
AWARDS 2024 | Best CSOV – Olympic Boreas – Olympic Subsea & Ulstein
TAMHAE 3:
AWARDS 2024 | Best Large Research Vessel – Tamhae 3 – Ulstein