The converted Normand Cutter at work

Normand Cutter: Krevjande ombygging

- Ombygginga av Normand Cutter har vore eit pilotprosjekt. Skipet har vore gjennom ei omfattande ombygging, men det var tidsperioden ein hadde til rådvelde som var mest utfordrande. Heile arbeidet vart gjort på berre litt over seks månader. 
Dette fortel prosjektleiar Roar Riise ved Ulstein Verft AS. 

Publisert
16 juli 2004
Del
  • The converted Normand Cutter on survey at the Oseberg A field in June 2004.
  • The 'Normand Cutter' before conversion.
  • Normand Cutter in the dock hall in January 2004, about to be converted from a Cable Laying Vessel to a Pipe Laying and Construction Vessel.
  • Normand Cutter in the dock hall in March 2004, two months after conversion commenced.
  • Project manager Roar Riise at Ulstein Verft supervised the conversion of the Normand Cutter.

5. desember 2003 kom kabelleggingsfartøyet Normand Cutter til Ulstein Verft i Ulsteinvik. I mai, noko over seks månader seinare, forlét det nye rørleggings- og konstruksjonsfartøyet Normand Cutter verftet. – Med den kjennskapen eg har til organisasjonen vår, var eg på førehand ikkje i tvil om at vi ville greie å få dette til. Den omfattande ombygginga vart gjennomført på svært kort tid, takka vere ein fantastisk innsats i alle ledd i produksjon, konstruksjon og prosjektstyring, seier Roar Riise. 

EIT HEILT ”NYTT” SKIP

Normand Cutter står no fram i ny ham: 
– Heile 1300 tonn nytt stål skulle inn i skipet. For å få stålet raskt fram til Ulstein Verft, blei både Ulstein Verft si avdeling i Vanylven, og verfta Maritim Ltd. i Polen og Salthammer Båtbyggeri på Vestnes engasjerte til å bygge stålseksjonar. Desse vart nytta til sidetankar, kranfundament, ny boligmodul og ROV-hangar, det vil seie hangar for miniubåt, fortel Riise. 

KRANA DOMINERER

- Den viktigaste delen av ombygginga var å få på plass ei 300-tonns kran på babord side. Det er ei aktiv heave-kompensert kran, noko som tyder at lasta heng stabilt sjølv om fartøyet er i rørsle av sjøen. Krana har ein éin-fallsvinsj, og er den største av sitt slag. Eit nytt tavlerom som skal sikre straum til krana er også installert, seier prosjektleiaren. Kransøyla går frå hovuddekket heilt ned til strukturen i botnen av skipet. Ein 300-tonns vinsj under dekk er tilknytt krana, og hydraulikkaggregatet for krana, det såkalla ”powerpack”, er på 4400 kW. I følgje kapteinen på Normand Cutter, Geir Ove Olsen, legg skipet seg sju grader når ein svingar krana over ripa. 
- For å kompensere for dette, fekk fartøyet sett inn sidetankar, såkalla sponsoonar, på kvar side. Det gjer at fartøyet har vorte 3,6 meter breiare frå akterenden fram til styrehuset, fortel assisterande prosjektleiar for innreiing, Marton Voldsund. 

SKIPET MÅTTE STYRKAST FOR DEKKSLASTA

Ei verkeleg stor utfordring var langskipsstyrken: - Med eit nytt krav om ekstra dekkslast måtte lastedekket i cirka 60 meters lengde forsterkast til å bere 10 tonn per m2. Basisskroget var tidlegare dimensjonert for 3 tonn per m2. Dette var ein svært krevjande jobb, mellom anna grunna vanskeleg tilkomst. Førstedekket vart styrka og spanteavstanden halvert, og dekka lenger ned er også forsterka. Ein del lokale tilpassingar måtte og gjerast. Teknisk vart dette løyst med god hjelp frå Det Norske Veritas sitt lokale kontor i Ulsteinvik, fortel Johan Moldskred, assisterande prosjektleiar for stål.

KAN UTFØRE UNDERSJØISKE OPERASJONAR

Tvers gjennom fartøyet er det implementert ein moon-pool, ein brønn for undersjøiske operasjonar. For å kunne utføre slike operasjonar er fartøyet sertifisert med dynamisk posisjoneringssystem (DP) som gjer at skipet held seg heilt i ro sjølv ved høg sjø. 

- Skipet har kraftige propellar og motorar til å kunne utføre DP-oppdrag, og DP-pultane er flytta frå framre til aktre bru, medan det har kome inn ein ny manøverstol og manøverpultar på aktre bru. Tre nye stasjonar for fjernstyrte miniubåtar, såkalla ROV, er også installerte, fortel Marton Voldsund. To av stasjonane er på kvar si side av akterdekket, medan det på dekket bak styrehuset er bygd ein eigen ROV-hangar for den tredje miniubåten.

KARUSELL FOR NAVLESTRENG

Ved breiddeutvidinga av skipet vart det plass på dekket til ein omfangsrik rørkarusell med kapasitet til 2500 tonn rør. 
- Karusellen går rundt med ei fart på 600 meter i timen, og såkalla navlestreng, umbilical, blir brekka rundt trommelen. Navlestrengen forsyner undersjøiske plattformer med det dei treng, fortel kapteinen. Ei rørlinje over dekket og bak over hekken fører navlestrengen ut i sjøen. 

MED PLASS TIL FLEIRE OM BORD

Normand Cutter kan no ta på seg fleire ulike typar krevjande oppdrag, oppdrag som medfører mange folk i arbeid. Det førte til eit behov for utviding av bueiningane om bord. Nye boligmodular med lugarar og kontor vart sette inn, og skipet kan no føre 114 personar, mot 70 tidlegare.

EIN FRYD Å VERE PROSJEKTLEIAR

Alt arbeidet tok altså berre eit halvt år. – Det har vore einskilde mindre forseinkingar undervegs, men dei henta vi inn att. Det har vore ein fryd å vere prosjektleiar for denne prosjektgruppa. Oppdragsgjevaren vår, Solstad Shipping, har utruleg fleksible og dyktige folk i alle ledd, og eg ser fram til eit vidare godt samarbeid med dei, seier Roar Riise.

Søsterskipet, 'Normand Clipper', gjekk gjennom ei liknande ombygging ved Ulstein Verft kort tid etter 'Normand Cutter'-prosjektet.
 

Relaterte nyheiter