Olympic orders up to 4 CSOVs of the ULSTEIN SX222 design from Ulstein Design & Solutions AS

Olympic kontraherer inntil fire havvindfartøy ved Ulstein Verft

Olympic kontraherer to konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) til havvindindustrien for bygging ved Ulstein Verft. Fartøya har hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp. Dei er baserte på ULSTEIN SX222-designet med TWIN X-STERN frå Ulstein Design & Solutions AS. Kontraktane inkluderer vidare ein opsjon på to skip.

  • CEO Stig Remøy, Olympic Shipping, and managing director Lars L Olsen, Ulstein Verft.
    Konsernsjef Stig Remøy, Olympic Shipping, og administrerande direktør Lars L Olsen, Ulstein Verft.
  • Olympic orders up to 4 CSOVs of the ULSTEIN SX222 design from Ulstein Design & Solutions AS
    Olympic har bestilt opp til 4 CSOV-skip frå Ustein.
  • SX222 Olympic v2 July22 In Air Planview PS Side web
    TWIN X-STERN-skipa har hovudpropellar framme og bak.
  • Contract signing all 2 web
    Kontraktssignering på Olympic sine TWIN X-STERN-skip.

Olympic sin flåte arbeider innan subsea og fornybar energi. Olympic vart etablert i Fosnavåg i 1996, og er ein viktig aktør i den maritime klynga på nordvestlandet. Selskapet har tidlegare bygd seks skip ved Ulstein Verft og var den første kunden til Ulstein Design & Solutions. No satsar Olympic igjen lokalt.

- For oss vil det vere avgjerande at skipa vert leverte til rett tid og kvalitet, og dette er det Ulstein Verft er kjende for. Dette gjer at vi kan møte kundane sine krav om å få skipa i arbeid til avtalt tid. TWIN X-STERN er eit smart designkonsept for lavt energiforbruk. Serviceskipa innan havvind ligg størstedelen av tida i posisjon ved turbinane, med hovudpropellar framme og bak vil dei ta ned energibehovet til eit nytt nivå når skipa ligg på posisjon, seier konsernsjef Stig Remøy i Olympic Group. 

- ­­Som eit lokalt reiarlag har det vore viktig for oss å satse på den maritime klynga. Med verft, designar, leverandørar og Vartdal Invest som medinvestor er dette eit prosjekt med sterk lokal forankring, understrekar han.

- Vi er svært glade for å jobbe med Olympic igjen, ein viktig og innovativ kunde vi har hatt eit svært godt samarbeid med gjennom mange år og gjennom mange komplekse og vellukka prosjekt tidlegare, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group, og held fram: 

- Med det noverande krevjande økonomiske og politiske landskapet, er desse kontraktane eit resultat av eit pragmatisk og godt samarbeid mellom partane, der begge partar har strekt seg langt for å finne gode og berekraftige løysingar. Som eitt av dei sentrale reiarlaga i den norske maritime klynga meiner Olympic at ein ordre ved eit norsk verft gir viktige ringverknader i heile klynga. 

ULSTEIN SX222-fartøya har ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Dei har plass til 126 personar fordelt på 91 lugarar. Skipa er førebudde for framtidige krav på havvindfelta. Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Skipa er førebudde for metanoldrift og det er sett av plass for ytterlegare batterikapasitet for heilelektrisk drift når infrastrukturen til lading har kome på plass. 

Skrogforma og det hybride framdriftssystemet sikrar høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert miljøavtrykk.

– Vi har samarbeidd tett med Olympic om detaljane i dette prosjektet og ser fram til å kome i gong med nybyggingsprosjektet, seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør i Ulstein Verft. - Vi set stor pris på tilliten Olympic gir oss og vil legge oss i selen for å kunne levere i samsvar med avtalt kvalitet og leveringstid. Skipa er planlagt leverte vår og sommar 2024. 

Dette er viktige kontraktar også for Ulstein Power & Control som skal levere ei omfattande kraft- og automasjonspakke, inklusiv ein stor batterileveranse.

TWIN X-STERN: ULSTEIN SX222 CSOV-design for Olympic.
ULSTEIN SX222-fartøya har ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter.

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 19 MARTIN GISKEGJERDE
Artikkel

Store drivstoffinnsparingar med dei første CSOV-skipa med Ulstein sitt TWIN X-STERN®-konsept

Olympic er ein pioner i offshore-energisektoren. Med ein sterk fokus på berekraft har dei fleire gongar tatt kommersiell risiko ved å satse på nye fartøykonsept. Den seinaste investeringa i to nye havvindskip av typen 'Construction Service Operation Vessel' (CSOV), baserte på Ulstein Group si innovative TWIN X-STERN®-løysing, viser at ei slik satsing løner seg. Reiarlaget kan syne til reduksjonar i drivstofforbruk og utslepp på nær 50 prosent, i forhold til seglande CSOV-ar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 11 MARTIN GISKEGJERDE
Pressemelding

Ulstein har levert CSOV-fartøyet Olympic Notos til Olympic

Ulstein leverte havvindskipet Olympic Notos til Olympic den 13. november 2024. Dette toppmoderne fartøyet markerer ein viktig milepåle innan maritim innovasjon og yting. Skipet er eit serviceskip av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV). Som følgje av resultata frå søsterskipet, Olympic Boreas, seier reiarlaget at skipa "opererer med tett på 50 % reduksjon i drivstofforbruk samanlikna med andre seglande CSOV-ar."

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS