Ein viktig milepåle
'ZHI ZHEN 100' er eit havvindserviceskip av typen SX195. Den 11. april 2024 vart skipet ferdig med ein 32-timars godkjenningstest av utstyret om bord, ein såkalla Offshore Equipment Acceptance Test (OEAT).
Den omfattande evalueringa av fartøyet gjekk føre seg i Shanghai Electric sin havvindpark. I løpet av desse timane vart det gjort seksten grundige funksjonstestar av 'ZHI ZHEN 100', der kvar test tok føre seg ulike aspekt ved ytinga til fartøyet.
Skipet gjekk også gjennom ei rekke andre testar, blant anna test av gangvegtilkopling, DC-oppstart og gjenopprettingstest, kranløfttest og smartskipstest.
OEAT var ikkje berre ei teknisk sjekkliste; men ein viktig milepåle for 'ZHI ZHEN 100', og fartøyet stod med glans.
Skipet er under bygging ved ZPMC-verftet i Kina.