Prototypdesign
-ULSTEIN SX197 er eit prototypfartøy som ikkje har vore bygd tidlegare. Krengeprøva gjekk veldig greitt. Dei gode erfaringane frå det førre skipet (ULSTEIN SX195-design) har blitt brukt på nytt og til og med forbetra på ULSTEIN SX197. Heile ZPMC-teamet presterte veldig bra både før og under testen. Eg sat med kjensla av at vi hadde gjort dette ti gongar før og ikke berre éin gong, seier Radovan og held fram:
- Som eit resultat blei testen fullført på veldig kort tid. Alle dei involverte: ZPMC, China Class Society (CCS), representantar for eigarane og Ulstein var fornøgde med prosessen.
Dei første spesialdesigna SOV-ane for den kinesiske havvindindustrien
Skipsdesignkontrakten mellom ZPMC-verftet og Ulstein Design & Solutions AS blei signert tidleg i 2022 og inkluderer design for to typar SOV-skip (Service Operation Vessels) for Shanghai Electric Windpower Group. Dette er dei første dedikerte SOV-ane som har vorte designa for den kinesiske havvindindustrien.