Inclining test of the first Shanghai Electric SOV 1

Shanghai Electric: Krengeprøve på det første SOV-skipet

Den 27. november 2023 gjennomførte hydrostatikk- og stabilitetsrepresentantane frå Ulstein Design & Solutions AS krengeprøve på Shanghai Electric sitt første serviceoperasjonsskip (SOV) for havvind. Skipet er eit ULSTEIN SX195-design, og er det første spesialdesigna SOV-skipet til den kinesiske havvindindustrien.

Testen vart utført på ZPMC-verftet i Qidong, Kina, og det er første gong Ulstein-personellet har gjennomført krengeprøve på dette verftet. Testen vart leia av Radovan Gasparovic saman med Adrian Fotache frå Ulstein Design & Solutions, med støtte frå prosjektleiar Enwang Liu og assisterande prosjektleiar Ford Liu frå Ulstein sitt miljø i Shanghai.

- Alt gjekk bra, resultatet av krengeprøva var glimrande der vekta og VCG (Vertical Centre of Gravity) til skipet var akkurat som vi hadde venta. Samarbeidet med ZPMC-verftet var veldig godt, seier Adrian Fotache.

Inclining test Shanghai Electric 1

Det andre skipet for Shanghai Electric, eit ULSTEIN SX197-design, er også under bygging ved verftet, og krengeprøva for dette skipet er planlagt tidleg neste år.

Det var i januar 2022 at ZPMC-verftet og Ulstein Design & Solutions AS signerte ein designkontrakt på to ulike SOV-skip. Det er Shanghai Electric Windpower Group som skal ha skipa.

  • Inclining test Shanghai Electric 2
  • Inclining test of the first Shanghai Electric SOV 1
  • Inclining test of the first Shanghai Electric SOV 3
  • Inclining test of the first Shanghai Electric SOV 4
  • Inclining test Shanghai Electric 3
  • Inclining test of the first Shanghai Electric SOV 2

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Johannes bw

Johannes Røren

Beskrivelse
Sales Manager Yards
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Relaterte nyheiter

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Johannes bw

Johannes Røren

Sales Manager Yards

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS