Det er naudsynt at det raskt kjem på plass ny tonnasje for fundamentinstallasjon, men som omtalt av Clarksons Platou Securities på 2022 Offshore Wind Journal Conference, er det "under-kontrahering i denne delen av havvindsegmentet".
MØTER BEHOVA FOR NESTE GENERASJONS HAVVINDFUNDAMENT
Som påvist av marknadsanalytikarar og meklarar, er det ein betydeleg mangel på fartøy til fundamentinstallasjon for havvindfarmar, noko som krev rask handling. Ulstein har fleire tiårs erfaring innan design for tungløftsskip, og introduserer no ULSTEIN HX122-designet i porteføljen.
- Vi identifiserte problemet og tok tak i dette allereie for nokre år sidan, seier Nick Wessels, marknads- og salssjef hos Ulstein Design & Solutions BV. - Basert på omfattande marknadsundersøkingar utvikla vi det vi meiner er den mest effektive løysinga for bransjen; ULSTEIN HX118-designet.
INTRODUKSJONEN AV HX122-DESIGNET
- Likevel, den raske utviklinga i denne bransjen skaper usikkerheit hos vindparkutviklarane, der vi for enkelte framtidige prosjekt ser ein preferanse til å installere endå større fundament opp til 5000 tonn. Derav kjem behovet for eit fartøy med større kapasitet, fortel Nick.
Ko Stroo, som er produktsjef i Ulstein Design & Solutions BV, legg til:
- I tett samarbeid med industripartnarar om integrering av utstyr, operasjonell yting og reduksjon av CO2-utslepp er det lagt ned ein vesentleg FoU-innsats i utviklinga av vår portefølje av tungløftsfartøy. Ved bruk av utprøvde teknologiar har dette ført fram til sikrare og meir effektive installasjonsfartøy. ULSTEIN HX122 er vårt nyaste og største design på tungløftsfartøy, som gjer det mogleg for kontraktørane å halde tritt med den den raske auken av vindturbinfundament.
HOVUDDIMENSJONANE TIL ULSTEIN HX122 ER:
- Lengde (LOA) 230,0 m
- Breidde 61,6 m
- Krankapasitet 8.000 mt
- Dekksareal 10.000 m2
- Dekkstyrke 15 - 30 t/m2
- Djupgang 7,5 – 11,0 m
- Innreiing 180 personar