ULSTEIN U-STERN seen from front

ULSTEIN U-STERN - for installasjon av havvindfundament

Havvindindustrien står overfor betydelege installasjonsutfordringar, då storleiken på monopåle-fundamenta er venta å auke framover. ULSTEIN patenterer no ULSTEIN U-STERN, ei tryggare, smartare og meir konkurransedyktig løysing for transport, utplassering og installasjon av store monopålar medan skipet ligg på posisjon.

Med U-STERN™ kan ein lagre monopålar på langs av dekket og bikke dei opp og utplassere dei frå senterlinja av skipet. Då kan skipet styrast rett mot bølgjene medan installasjonsprosessen pågår, noko som minimerer skipsrørslene og drivstofforbruket, medan U-STERN skjermar mot bølgjene. Det gir eit betre arbeidsmiljø om bord og på dekk. Når ein kombinerer U-STERN med tverrgåande og langsgåande skinnesystem unngår ein behovet for offshoreløft av monopålar til havs, sidan hovudkrana berre blir brukt til å støtte opp, bikke og senke ned fundamentet.

FORDELAR MED U-STERN

U-STERN ser ut som ei dokk som er felt inn i skroget.

- Det er mykje meir enn det, seier Ko Stroo, produktsjef/leiande skipsdesignar i Ulstein Design & Solutions BV.

- Forma og plasseringa er finjustert med CFD og rørsleanalyse for å få denne til å fungere i harmoni med krana og anna utstyr. CFD, eller Computational Fluid Dynamics, er ein metode for å optimalisere skipsdesign for redusert motstand. Ved hjelp av matematiske modellar og numeriske algoritmar kan ein simulere og forutsjå korleis væske vil oppføre seg i ulike situasjonar.

Selskapet har arbeidd med forsking og utvikling over ein periode på meir enn to år for å forstå og forbetre dynamikken rundt monopåleinstallasjonar utført på posisjon (DP = dynamisk posisjonering). Dette har resultert i at U-STERN har betydelege fordelar framfor den tradisjonelle monopåle-installasjonen som vert utført på sida av eit fartøy:

  • Auka operasjonsevne som følgje av ein 25 prosents reduksjon i rørsler, skjerming frå bølgjene i aktersona og kontrollert oppretting av monopålane
  • 50 prosent kraftreduksjon i DP-operasjonar som følgje av fartøyet sin måte å posisjonere seg mot veret og utøve installasjonen på
  • Ein unngår hamne- og offshorerelaterte utfordringar som elles heng saman med transport og utsetting av monopålar som ligg på tvers av skipet
  • Sikrare løfteoperasjonar offshore

INSPIRERT FRÅ ERFARING MED TUNGLØFTS-RØRLEGGINGSFARTØY

Det Nederland-baserte selskapet Ulstein Design & Solutions B.V. spesialiserer seg på design og utvikling av framtidas skip innan offshore energimarknaden.

ULSTEIN U-STERN seen from front
Illustrasjonen syner eit ULSTEIN U-STERN-fartøy med monopålar frakta på langs.

- Ideen om langsgåande monopåle-installasjon kjem frå den omfattande erfaringa vi har med å utvikle tungløfts-rørleggingsfartøy med senterlinje, seier administrerande direktør Edwin van Leeuwen. Han held fram:

- Vi har ikkje utvikla U-STERN for dei enkelte tilfella med utsetting av monopålar, ein kan også sette ut såkalla jackets, som er fundamentet som monopålane vert sette på, og også utføre anna installasjonsarbeid som krev tunge løft. Dei siste månadene har vi presentert U-STERN for fleire større aktørar i bransjen, og får respons på at dette av mange vert sett på som den mest levedyktige løysinga for å installere neste generasjons monopåle-fundament framover.

Ta kontakt

Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.

Relaterte nyheiter

Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.