Ulstein har utvida designporteføljen sin med eit tungtransprotfartøy av HX121-designet. Det gjer at ein kan møte dei aukande logistikkbehova for stadig større komponentar til havvind som skal transporterast rundt om i verda. Skroglinjedesignet ULSTEIN X-BOW® gir forbetra eigenskapar i sjøen, størst mogleg dekksplass, optimalisert akterskip og lavt drivstofforbruk. Det resulterer i eit effektivt og balansert design som byggjer på prøvde teknologiar. Skipet kan ha DP2 (dynamisk posisjonering) dersom eigaren ønskjer det.
Den noverande flåten av tungtransportfartøy møter ikkje framtidige behov i havvindsegmentet. Det er spådd at meir enn 380 GW havvindkapasitet, fordelt på 32 marknader, vil kome til dei neste ti åra. I tillegg til ein betydeleg flåte av installasjonsfartøy, er også ny tonnasje naudsynt for å kunne transportere fundament og vindturbinar frå produksjonslokala og ut til samlingshamner eller offshorefelt.
Oppfyller krava til neste generasjons tungtransportfartøy
Tradisjonelt har havvindsektoren brukt lekterar eller halvt-nedsenkbare tungløftsfartøy for å transportere vindturbinkomponentar, men marknaden ser no etter meir effektive lavutsleppsfartøy for å kunne transportere større komponentar. ULSTEIN HX121 har blitt utvikla i tett kontakt med industripartnarar for å tilfredsstille dei naudsynte krava til neste generasjons tungtransportfartøy,
seier Edwin van Leeuwen, administrerande direktør ved Ulstein Design & Solutions BV.
Introduserer HX121-designet
Dolf Manschot er prosjektleiar ved Ulstein Design & Solutions BV. Han fortel:
HX121-designet er det nyaste og største designet i Ulstein sin portefølje av tungtransportfartøy. Ulstein Blended Design-metoden vart nytta for å finne dei optimale hovuddimensjonane og servicehastigheita for å få til mest mogleg effektiv transport av store vindkomponentar. Denne designmetoden gjorde det mogleg for oss å minimalisere drivstofforbruket per komponent som vert transportert. Vidare fokuserte vi på å laste og losse last ved hjelp av 'roll-on-roll-off'-teknologi.
Driven fram av marknaden
For å oppfylle marknadskravet om lavutsleppsfartøy er ULSTEIN HX121 designa for å også kunne operere på metanol som drivstoff. Å drifte fartøyet med grønt metanol vil redusere karbonavtrykket vesentleg, medan E-metanol kan redusere karbonavtrykket til null. Som eit marint drivstoff har metanol mange fordelar, det er det tryggaste alternativbrenselet, enkelt å lagre og relativt billig å produsere.