Yno 16H - Møringen

B.nr. 16H - Byggeår 1962. Rederi: Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF). Bygd ved Hatlø Verksted. Gudmor: Haldis Rønstad

Yno 16 H Møringen

Lengde: 46,30 m 
 

Breidde: 9,44 m 
 

Brutto tonnasje: 524 tonn 
 

Fart: 12,5 knop 
 

Hovedmotor: Deutz, 2 stk. 
 

Effekt: 1240 Hk tot. 
 

Skipstype: Bil/passasjerferge 
 

Antal passasjerar: 399 stk. 
 

Antal bilar: 30 stk.

Andre skipsnamn: "Bequia Express III"
 


HISTORIE: 
1962 Ferga vart sett inn på strekningen "Ålesund - Hareid" som erstatning for sjøbussen "Hjørungavåg" som vart seld. Den trafikkerte strekninga i 10 år. Seinare vart det nokre år på Moldefjorden og om sommarane gjekk ferga fast på strekninga "Hellesylt - Geiranger". 
1970 Ferga var den første i MRF som fekk montert løftebaug. 
1984 Ferga vart fullstendig ombygd ved Myklebust Mek. 
1986 Skifta begge hovedmotorane. Tot. 1340 Hk, 13 knops fart. Den gjekk inn i rute 21: "Austnes - Kjerstad - Skjelten". 
1995 Kolliderte kl 0600 den 31.07. i Haramsfjorden med cruise- skipet "Calypso" fra Barbados. Ingen vart skadd, men det var nære på. Det vart berre mindre skader på begge skip. 
1997 Ferga grunnstøtte ved Kjerstad fergekai. Grunnen var svikt i reverseringen. Den kom av grunnen ved eigen maskin. 
2007: Nytt namn "Bequia Express III"
2013 I Karibien 
2016: Fortsatt aktiv - IMO 8866280. Eigar og driverselskap er Bequia Express, Bequia, Saint Vincent & Grenadines