
Vi skaper morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar
Ulstein er eit tredje generasjons familieeigd selskap og ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip.
Vi skal fortsette å gjere visjonar om til verkelegheit saman med våre kundar og vere ein pådrivar i den maritime industrien.
Turning visions into reality
- Stolt skipsbyggar i over 100 år
- 1917
- Fartøy bygde ved Ulstein Verft
- 323
- Skip designa av Ulstein
- 167
Korleis vi gjer ein forskjell
Ulstein har i over 100 år hatt evne til å sjå og utnytte mulegheiter. Gjennom skiftande tider i den maritime næringa har Ulstein hatt god utvikling.
Med hardt arbeid og skaparglede skal vi halde fram med å fornye oss og bruke kompetansen vår til det beste for kundane våre.

Stolt skipsverft for nybygg og ettermarknad
Skipsbygging er både ein kunst og ein vitskap, som krev høg kompetanse og ein arbeidsstyrke som greier å levere produkt som bidreg til langsiktig konkurransekraft. Vi er ein påliteleg partnar for nybygg og ettermarknadsprosjekt.

Design som driv næringa vidare
Ved å designe eit fartøy er vi med på å forme framtida til den maritime næringa. Ved å levere berekraftige og effektive løysingar kan vi yte vårt til å skape ei næring som er svært konkurransedyktig og miljøbevisst.

Vi gjer fartøy grønare og meir effektive
Som systemintegrator av kraft- og kontrolløysingar på skip kan vi vere med å gjere fartøysoperasjonar grønare og meir kostnadseffektive, og som aukar konkurransekrafta di. Det er vinn-vinn for deg og miljøet.
Ulstein har designa eller bygd skip som seglar over heile verda
Handling talar høgare enn ord. Vi gjer visjonar om til verkelegheit for reiarlag og operatørar. Utforsk Ulstein-skip i drift.
Tillit gjennom erfaring
I meir enn 100 år har vi levd opp til forventningar i marknaden, og vi har vore nytenkande og nyskapande. I samarbeid med kundar, verft, leverandørar og klassifikasjonsselskap har vi vore med på å forma den maritime næringa.
Kva ønsker kundane våre?
Kundane våre treng ein partnar som bidreg til at dei får auka konkurranse-fortrinna og redusert risikoane dei møter. Gjennom ei systematisk tilnærming til innovasjon, skal vi vere ein god partnar. Vi skal bidra til at kundane kan halde tritt med skiftande standardar og krav til yting – ikkje berre for det som gjeld i dag, men også for krava som vil kome.
- Lågast muleg livsløpskostnad
- Kostnadseffektivitet i forhold til drivstoff og andre ressursar er avgjerande for kunden, særleg ettersom energiprisane mest truleg vil halde seg høge. Redusert nedetid i samband med vedlikehald og anna arbeid er også viktig. Reiarane må vere sikre på at kostnadseffektiviteten er optimal gjennom heile livssyklusen til fartøya sine.
- Ein partnar til å stole på
- Å kunne halde seg innanfor avtalt tid, kvalitet og pris er avgjerande. Reiarlag og andre aktørar treng utstyr og tenester som sikrar leveringspresisjon – og dei oppsøker samarbeidspartnarar som dei veit kan levere rett kvalitet på tid, noko som bidreg positivt til deira eiga inntening og eige omdøme.
- Tryggleik
- Ulykker kan påverke miljøet eller føre til skadar på mannskap eller eigedom. Tryggleik og miljø er ikkje berre etiske problemstillingar, men også eit spørsmål om risikostyring. For kundane våre er det viktig at alle delar av verdikjeda leverer produkt og tenester som tek omsyn til miljøet og ivaretek sikkerheita.

Nyheiter og artiklar
I Ulstein gjer vi visjonar om til verkelegheit, og vi skal vere ein pådrivar for framgang i den maritime næringa.
Gjennom nyheitene og artiklane våre kan du lære meir om korleis vi jobbar i lag med kundar og partnarar og skaper konkurransekraft i næringa.