Yno 36H - Vesturvón

B.nr. 36H - Byggeår 1969. Rederi: P/F Vesturvón, Sørvágur, Færøyane. Bygd ved Hatlø Verksted

Yno 36 H Vesturvon

Lengde: 61,75 m 
 

Bredde: 10,24 m 
 

Brutto tonnasje: 835 tonn 
 

Dødvekt: 660 tonn 
 

Fart: 14,25 knop 
 

Hovudmotor: MWM 
 

Effekt: 2200 Hk 
 

Skipstype: Hekktrålar 
 

Andre skipsnamn: "Arctic Ranger", "Rubin", "Wuhan 4", "Kuko", "Typhoon 1", "Ming 5", "Thunder"


HISTORIE: 
Av alle fiskebåtane Hatlø mek. bygde til Færøyane, var dette den største. Ved sjøsettinga var dei uheldige, den grunnstøytte på Sneingen og skada roret. Det var dei kjende Laxafoss-karane på Færøyane som kontraherte båten. Den dreiv trålfiske i Barentshavet, ved Grønland og New Foundland heilt fram til 1986.

1986 Seld til England og fekk namn "Arctic Ranger". 
1998 Seld til Kypros og registert på St. Vincent i Karibien. Rederiet var Boyd Line Management. Fekk navnet "Rubin".
2003 Nytt navn "Typhoon 1".
Ukjent tidspunkt: Nytt namn "Thunder"
2015: Vart senka. Skipet var mistenkt for å ha fiska ulovleg, jfr sitat frå Dagens Næringsliv: "På CCAMLRs liste over fartøyer som fisker ulovlig siden 2006. Etterlyst av Interpol i desember 2013 etter initiativ fra Norge, New Zealand og Australia. Flagget i Nigeria. Registrert eier er Royal Marine & Spares i Lagos. Har siden 2002 vært flagget på Seychellene og Togo og i Belize, Mongolia og Nigeria."

I 2017 kom det ut ei dokumentarbok, 'Jakten på Thunder', som fortel om skipet sine siste dagar. 
Omtale av boka i Vikebladet Vestposten februar 2017: "Ingen forestilte seg vel at Vesturvón skulle verte eit av verdas mest berykta piratskip då fartyet var under bygging ved Hatlø Verksted i Ulsteinvik på slutten av 60-talet. I den nye dokumentarboka startar historia ein vårdag i Ulsteinvik i 1969. Hekktrålaren var det mest avanserte fartyet i sitt slag som til då hadde forlatt beddingen ved verkstedet. Etter dåpen i slutten av mars 1969, gjekk ferda til Færøyane der Vesturvón innleidde ein ny æra innan fiskeri ved øyane i vest. Etter 17 år i teneste hos færøyværingane, vart Vesturvón i 1986 solgt til eit engelsk reiarlag og skifta namn til Arctic Ranger. 
«Ved inngangen til det nye millenniet tok Vesturvóns stolte historie slutt. Rederiet fikk ikke fiske på kvoter i Norge, og i partnerskap med et russisk rederi ble tråleren sendt på fiske i Barentshavet, denne gangen under navnet Rubin. Fra Barentshavet forsvant skipet, som senere skulle bli kjent som Thunder, inn i en malstrøm av fordekte eierselskaper, bisarre skipsregistre og lyssky ekspedisjoner», heiter det i boka.