Acta Marine chooses Ulstein designs for their next CSOV vessels

Designar metanoldrivne havvindfartøy for Acta Marine

Acta Marine har skrive kontrakt på to konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) for havvind med design frå Ulstein Design & Solutions, dei første med ULSTEIN TWIN X-STERN®. Designkontrakten inkluderer også opsjonar på to skip. Alle fire skipa er av SX216-design og vil bli leverte med kombinerte metanol-/dieselgeneratorar.

Publisert
15 juni 2022
Del

Vi ser fram til å bygge vidare på vårt eksisterande forhold til Ulstein Design & Solutions AS for dei framtidsretta CSOV-skipa våre, der vi kombinerer Acta Marine si operasjonelle erfaring og Ulstein sine innovative designevner, seier Rob Boer i Acta Marine.

TWIN X-STERN – Reduserte rørsler, auka komfort og drivstoffeffektivitet

ULSTEIN TWIN X-STERN® kan forklarast som eit skip med to hekkar og fire hovudpropelleiningar: to i kvar ende. Med ein X-STERN®-hekk i kvar ende har skipet god operasjonsevne då ein av endane kan haldast mot vêret utan at hastigheita vert påverka.

TWIN-X-STERN-designa frå Ulstein deler dei følgjande eigenskapane: Dei er drivstoffeffektive, med forbetra yteevne på dynamisk posisjonering (DP) og manøvrering, har reduserte rørsler og gir mindre støy. Med TWIN X-STERN er fleksibiliteten større når det gjeld val av propelltype, skrogforma er symmetrisk og det krevst færre framdriftseiningar.

God kvile er ein føresetnad for ei trygg utføring av arbeidet. Skipa gir serviceteknikarane sikker tilgang til havvindinstallasjonane, og sikrar trygge operasjonar og komfortabel innkvartering for personellet om bord.

Hybrid kraftløysing 

Acta Marine sine CSOV-ar har ei hybrid kraftløysing, med grøn metanol tiltenkt som hovudenergikjelde. Dual-Fuel-motorane vert støtta av ein batteripakke, som er integrert i fartøya på ein slik måte at dei mest drivstoffeffektive driftsmodusane vert brukte, reduserer vedlikehaldskostnadene og gir lågare utslepp.

– Som ein leiande aktør innan fornybar energi er det viktig å vere førebudd for ei framtid der null- eller lavkarbondrivstoff er tilgjengeleg. Acta Marine har eit sterkt ønske om å tilby kundane sine størst mogleg reduksjon av utslepp frå skipa kjem i arbeid. Allereie frå designarbeidet tok til måtte ein difor finne fram til ei praktisk tilgjengeleg løysing som kan redusere karbonavtrykket frå start, seier Erwin Jager i Ulstein Design & Solutions AS.

- Karbonfotavtrykket til Marine Gas Oil (MGO) gjer at MGO ikkje er berekraftig som den einaste kraftkjelda i framtidas flåte. Det kan kjennest overveldande å bestemme kva for eit alternativt drivstoff ein bør fokusere på, sidan det vert påverka av mange faktorar. Gjennom ein evalueringsprosess utvikla av Ulstein, blir ei matrise over moglege alternative drivstoff evaluert mot eit sett kriterium som er unike for reiarlaget og konseptgrunnlaget. Gjennom denne prosessen var det metanol som fekk høgast score. Metanol er gunstig med tanke på energitettheit og lagring, det er ei tilgjengeleg energikjelde, og der er dual fuel-motorar på marknaden som kan handtere både metanol og diesel, fortel Jager.

Etter at metanol vart valt som den alternative energikjelda, starta Ulstein Design & Solutions med å tilpasse designet, implementere metanolbunkringa, tank- og systemoppsettet på eit konseptuelt nivå.

Ulstein sine design for havvindserviceskip

Havvindserviceskipsdesigna frå Ulstein har vorte utvikla for å effektivt støtte oppstart, drift og vedlikehald av vindparkar offshore.

SX216-fartøyet har ei lengde på 89,9 meter, ei breidde på 19,2 meter og har plass til 135 personar. Skipet har ein rørslekompensert gangveg (W2W) for ei trygg overføring av personell til turbinane, ei 3D-rørslekompensert kran for lastoverføring og har også plass til eit mindre fartøy som kan frakte personell mellom turbinane.

Ulstein har tidlegare utvikla og bygd to CSOV-ar for det nederlandske reiarlaget. Dei nye fartøya blir bygde ved Tersan Shipyard.

Ta kontakt

Runar Muren DSC4429 comp bw

Runar Muren

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

3 D image of the new trenching support vessel Jan De Nul ordered 2 2
Pressemelding

Jan De Nul kontraherer Ulstein Design & Solutions AS for design av subsea trenching-fartøy

Ulsteinvik, 10. mars 2026 – Jan De Nul har valt eit spesialframstilt fartøydesign frå Ulstein Design & Solutions AS til den nyaste utvidinga av offshoreflåten sin. Realiseringa av subsea trenchingfartøyet markerer ein milepåle i samarbeidet mellom to leiande maritime innovatørar. Fartøyet er planlagt levert i 2028.

Det grunnleggande designet byggjer på eit robust og globalt velprøvd subseafartøydesign.

Jonas Ulstein
Artikkel

Statsministerbesøk: Det som står på spel for norsk industri og kystsamfunn

Styreleiar Tore Ulstein, konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group og leiinga i Ulstein Verft, ønskte statsministeren velkomen til Ulstein torsdag 5. mars. I ei tid med rask omstilling, aukande geopolitisk uro og stor internasjonal konkurranse, var besøket frå statsministeren eit godt høve til å snakke om framtida for norske industrimiljø og lokalsamfunn langs kysten.

Representantar frå Ulstein Power og Control i demolabben
Pressemelding

Ulstein Power & Control inngår kontrakt på systemleveransar til to kabelleggingsfartøy

Ulstein Power & Control har skrive kontrakt om levering av komplette, hybride kraft- og automasjonssystem til to kabelleggingsfartøy som skal byggast for OMS Group ved Ulstein Verft. - Dette er ein viktig kontrakt for oss og stadfestar vår posisjon som ein leiande leverandør av system for komplekse maritime operasjonar, seier administrerande direktør Peter Pilskog.