Gamle Loftesnesbrui vert tatt ned red Ulstein Verft Jostein Sørnes

Heavy lift-området deltek i vegprosjektet Loftesnesbrui

Statens vegvesen sitt prosjekt ‘Loftesnesbrui’ i Sogndal kommune er eit omfattande prosjekt der ei ny bru erstattar ei eldre bru, og vegsystemet vert lagt om. K.A. Aurstad og PORR Norge har hovudentreprisa. Kranarbeidet og nedtakinga av gamlebrua var det Ulstein Verft som utførte.

Publisert
15 januar 2018
Del
  • Siste bruseksjon på om lag 430 tonn red Ulstein Verft Jostein Sørnes
  • The new Loftesnes bridge and the remaining part of the old bridge being taken down by Ulstein Verft.
  • The final part of the old Loftesnes bridge being taken down by the Ulstein mobile crane.
  • The Terex Crane completely dissambled to pass underneath the new Loftesnes bridge.
  • The dissambled crane on the barge passing underneath the new Loftesnes bridge.

Gamlebrua over Loftenessundet vart bygd i 1958. Den klinka brua stod på trepålar, og var altfor smal for dagens standard. Ulstein Verft si serviceavdeling fekk arbeidet med nedmonteringa av brua.

- Riving av brua skal vera ein grei jobb å utføra, men det må utførast varsamt der den gamle brua kjem inn mot den nye, fortalde prosjektleiar i Statens vegvesen, Gunnar Solbakken, før rivinga tok til.

Då den nye brua opna 30. november 2017, kunne rivinga av den gamle ta til. Tungløftsavdelinga til Ulstein stilte med ein lekter, multiwheeler og ei stor mobilkran.

- Brua vart kutta opp i mindre delar på opp til 120 tonn, som vi plukka ned med krana og løfta på land. Fundamenta i sjøen vart også fjerna. Mobilkrana vår kan løfte opp til 400 tonn når den står på lekteren, så dette var eit heilt greitt oppdrag for oss, seier Jostein Sørnes, som er ansvarleg for tungløftsarbeidet i Ulstein Verft.

- Største utfordringa var seglingshøgda på nye Loftesnesbrua. Når vi reiser med lekteren er krana vår nedmontert, likevel er seglingshøgda vår 21 meter, medan seglingshøgda under brua er 10 meter. Vi måtte difor demontere heile krana fullstendig, og då greidde vi å passere under brua utan vanskar.

- Fem mann frå Ulstein var i arbeid med dette oppdraget i om lag ein månad, eit stort oppdrag som omfatta heile avdelinga. Det stoppar ikkje med dette: - Oppdraga våre er etterspurte. Vi returnerte frå Sogndal denne veka, og skal no rett vidare på neste oppdrag. Vi opererer langs heile kysten av Noreg, og kan også gjere arbeid i utlandet.

Siste nytt

Ulstein Verft DJI 0125
Pressemelding

Resultat for Ulstein i 2023

Ulstein Group hadde i 2023 ei omsetning på 1,4 milliardar kroner og eit driftsresultat på 49 millionar kroner. Kunnskap og erfaring frå Ulsteins meir enn hundreårige historie har skapt ein dynamisk og endringsvillig organisasjon som vi no dreg nytte av i overgangen til ei grønare og etterkvart meir fossilfri framtid. 

DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tilknytning
Ulstein Verft AS