Froey Valkyrien bilde

Kontrakt for Blue Ctrl: Frøy inngår stor avtale for digitalisering av flåten

Frøy ASA og Blue Ctrl AS har inngått ein avtale for å digitalisere Frøy-flåten. Samarbeidet vil styrke effektiviteten, bidra til meir miljøvennlege avgjerder og legge eit godt grunnlag for framtidig vekst for Frøy.

Publisert
08 juni 2023
Del

Det Ålesundbaserte selskapet Blue Ctrl skal levere datafangst- og skytjenester til heile Frøy-flåten, og løysinga BLUE BOX vil spele ei sentral rolle i innsamling og analyse av operasjonelle data om bord på ein automatisert og effektiv måte. Innsikt frå kontinuerleg dataanalyse vil gi Frøy moglegheita til å optimalisere drifta, redusere miljøpåverknaden og styrke sin posisjon som ein leiande aktør innan berekraftig havbruk.

– Dette gir verdifull innsikt som vil gi avgjerdstakarar og mannskapet om bord viktige verktøy for å ta informerte avgjerder og driva verksemda i tråd med berekraftige prinsipp, fortel Kristian Reiten, CIO i Frøy.

– Vi er svært begeistra over samarbeidet med Blue Ctrl. Dette samarbeidet representerer eit viktig skritt mot å nå dei ambisiøse berekraftsmåla våre. Ved å utnytte potensialet i digitalisering og dataanalyse vil vi kunne redusera støy, optimalisere drift og minimere miljøpåverknaden vår. Det er viktig for både tilsette om bord, og kloden samla sett.

Blue Ctrl er ein anerkjend aktør innan maritim programvare- og systemutvikling med eit sterkt fagmiljø innan automasjon. Selskapet er dedikert til å levere innovative løysingar som kan møte dei stadig skiftande behova i den maritime industrien.

– Vi er stolte av å bli valde som strategisk partnar for Frøy. Vår BLUE BOX-løysing er skreddarsydd for å imøtekome behova til ein moderne og berekraftig havbruksflåte som Frøy har. Vi ser fram til å støtte dei for å oppnå større effektivitet, berekraft og vekst, seier Arne Dybvik, administrerande direktør i Blue Ctrl.

Om Frøy ASA:

Frøy ASA er Noregs leiande kompetansemiljø innan akvaservice og ein totalleverandør av fartøytenester. Flåten består av over 80 fartøy inkludert brønnbåt, service og shipping. Selskapet har hovudkontor på Frøya. Ti andre kontor frå Bømlo i sør til Storslett i nord femnar nærare 1000 tilsette om bord og på land.

Om Blue Ctrl AS:

Blue Ctrl AS, eit selskap i Ulstein Group, er eit leiande programvare- og utviklingsselskap med base i Ålesund. Selskapet utviklar software og system for maritime alarmar, energistyring og automasjon. Gjennom år har Blue Ctrl bygd spesialkompetanse innan automasjon. Selskapet står bak X-CONNECT-plattforma som BLUE BOX-skytenesta bygger på. Denne er tatt i bruk av fleire reiarlag og skipstypar med den hensikta å bidra til det grøne skiftet.

Siste nytt

Ulstein Verft DJI 0125
Pressemelding

Endra leiing i Ulstein Group

Konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti, har valt å  takke ja til ei ny moglegheit utanfor konsernet og seier dermed opp stillinga si. Tidlegare konsernsjef Gunvor Ulstein går inn som konstituert konsernsjef frå 29. november 2023.

SX124 Shearwater Oct22 Transit In Waves SB Side 2
Oppdatering

Første tilbakemelding frå SW Tasman

Shearwater GeoServices sitt nykonverterte seismikkskip, 'SW Tasman', har vore i arbeid sidan juli 2023. Skipet har to ROV-ar, og oppgåver knytt til nodar, som tidlegare vart utførde av to skip, har no blitt gjennomført av berre eitt. Meir plass, enklare tilgang og gode løysingar i arbeidsarealet vert nemnde blant dei positive tilbakemeldingane frå mannskapet.