Windea Leibniz Naming Ceremony Representatives

SOV-skipet 'Windea Leibniz' døypt og levert på tid

Offshorevindfartøyet ‘Windea Leibniz’ vart levert frå Ulstein Verft til Bernhard Schulte Offshore til avtalt tid 28. februar 2017. Skipet vart døypt i ein seremoni i Ulsteinvik 2. mars, og set straks kursen for vindfarmen Sandbank der det skal jobbe for Siemens.

  • The X-STERN aft hull on the Windea Leibniz, photo Per Eide Studio.
  • Windea Leibniz as newbuilt, Yno 310 from Ulstein Verft, photo: Per Eide Studio
  • Windea Leibniz day room
  • Windea Leibniz at sea trial, photo by Per Eide Studio.
  • Windea Leibniz mess room.
  • Windea Leibniz bridge
  • Windea Leibniz Naming

Gudmora, Dai Ling, døypte reiarlaget BS Offshore og finansieringsselskapet ICBC Leasing sitt andre serviceskip til offshorevindindustrien Skipet er oppkalla etter den tyske matematikaren, filosofen og fysikaren Gottfried Wilhelm von Leibniz, som i det 17. århundre kom med ideen til å bruke vindkraft for å drive pumper. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS.

Klar for å ta til i arbeid

Med oppstart i april, skal skipet arbeide på Sandbank-vindfarmen utanfor Tyskland for Siemens Wind Power Service, der det skal vere med på å sikre produksjonen av fornybar energi frå 72 vindturbinar.

Denne typen skip vert kalla serviceoperasjonsskip (SOV-skip), og bruken av desse vil forbetre effektiviteten til serviceoppdrag ved offshorevindfarmar. Skipet fungerer som ei påliteleg og berekraftig plattform for vindfarmoperasjonar og vedlikehaldsstøtte, overnatting og transport av teknikarar, og gir svært trygg og stabil tilgang til offshoreinstallasjonar.

- Endå ein gong viser Ulstein Verft at vi er i stand til å levere høg-kvalitets skip til avtalt tid. Vi ser fram til at skipet skal kome i arbeid, og få høyre tilbakemeldingar på korleis det går med henne innan fornybarmarknaden, seier administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

X-STERN™

- Skipet er utstyrt med hekkforma X-STERN®, som gjer at det kan ligge på posisjon med hekken mot veret, seier seier Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore. Han held fram: ‘Det prisvinnande søsterskipet, Windea La Cour, som har arbeidd på den nederlandske Gemini-vindfarmen sidan august, har allereie prova at X-STERN gjer at skipet er veleigna i dårleg ver og kan vere i arbeid lenger tid om gongen. Skipet har redusert kraft- og drivstofforbruk medan det ligg på DP (dynamisk posisjonering) ved sidan av vindturbinen.

Bernhard Schulte Offshore er ein del av Bernhard Schulte-konsernet, eit familieeigd reiarlag og skipsoperatør som sysselset kring 17000 sjøfolk og 1500 personar på land, eig 100 skip og driftar om lag 580 fartøy.

Ta kontakt

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Konseptdesign ULSTEIN THOR
Artikkel

Stor interesse for det Thorium-drivne fartøykonseptet ULSTEIN THOR

Etter lanseringa av skipskonseptet i april 2022, har marknaden vist ei enorm interesse for potensialet og kapasiteten til den Thorium-drivne ULSTEIN THOR. I ein polarcruisesamanheng kan ULSTEIN THOR åleine generere over 50 GWh energi i ein 150-dagars cruisekampanje. Det sparer meir enn 32 000 tonn i CO2-utslepp og vil kunne føre til ein betydeleg reduksjon av miljøavtrykket.

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS