20241005 Olympic Notos OCLIN 03 MARTIN GISKEGJERDE

Olympic sin andre CSOV med ein feilfri prøvetur

09. oktober 2024: Vi kan no feire at det andre konstruksjonsstøttefartøyet (CSOV) til Olympic, Olympic Notos, fullførte prøveturen med glans. Dette er ei viktig markering av skipets utvikling mot full operativ status, i fotspora til systerskipet, Olympic Boreas.

Prøveturen for Olympic sin nye CSOV, Olympic Notos, er offisielt fullført. Prosjektleiar ved Ulstein Verft, Helge Torvik, er godt nøgd med prøveturen og innsatsen til alle dei involverte:

Prøveturen gjekk feilfritt. Båten presterte tilfredsstillande, og vi fekk gjort alle testane etter planen. Eg er svært nøgd med arbeidet til alle bidragsytarane, både frå Ulstein, Olympic og alle underleverandørane. Alle har jobba intenst for å gjere dette til ein vellukka prøvetur!

Olympic sine representantar er også nøgd med prøveturen og samarbeidet i prosjektet. Den komande kapteinen til fartøyet, Kim Kopperstad, treivst godt om bord på prøveturen, og ser føre seg ei lys framtid for fartøyet:

Yteevna til Olympic Notos på prøveturen har overgått forventningane våre. Den avanserte teknologien og effektiviteten til dette fartøyet vere banebrytande for “walk-to-work” og andre offshore energiprosjekt. Vi er spente på å sjå fartøyet i bruk, då det representerer Olympic sitt engasjement for berekraftige og høgtytande maritime operasjonar.

Kim Kopperstad, Olympic

Om Olympic Notos

I likskap med systerskipet er Olympic Notos basert på det innovative ULSTEIN SX222-designet og TWIN X-STERN® løysinga. Saman med det hybride framdriftssystemet og avanserte skrogdesignet har fartøyet eksepsjonelle segleeigenskapar, som av nokre er beskrive som ein ‘4-hjulstrekkar på sjøen". Den enkle manøvreringa og effektiviteten reduserer miljøavtrykket, samtidig som fartøyet er utstyrt og budd på teknologi som bidreg i utviklinga mot ein grønare og meir berekraftig industri.

  • DJI 20241004084051 0012 D
  • IMG 0409
  • 20241005 Olympic Notos OCLIN 11 MARTIN GISKEGJERDE
  • 20241005 Olympic Notos OCLIN 19 MARTIN GISKEGJERDE
  • IMG 0404
  • IMG 0555
  • IMG 0568
  • IMG 0544
  • IMG 0460
  • 20241005 Olympic Notos OCLIN 03 MARTIN GISKEGJERDE

Nøkkeleigenskapar

Lengde
89,6 meter
Breidde
19,2 meter
Innreiing
126 personar i 91 lugarar, alle med dagslys
Framdrift
Diesel-elektrisk med variabelt turtal og store batterienergi-lagringssystem
Budd for framtida
Budd for metanoldrivstoff og ekstra batterikapasitet for framtidig full-elektrisk

Om prosjektet

Kontrakten for Bygging av Olympic Notos blei signert i 2022 mellom Olympic og Ulstein Verft. Skroget blei bygd ved Crist-verftet i Polen og frakta til Ulstein Verft for vidare utrustingsarbeid. Prosjektet har hatt stor nytte av erfaringane frå bygginga av systerskipet Olympic Boreas.

Framtidsutsikter

Med den vellukka prøveturen er Olympic Notos snart klar til å bli eit fullverdig medlem i Olympic-flåten, og mellom anna bidra til operasjonar innan offshore energi. Saman med Olympic Boreas representerer Olympic Notos eit tydeleg steg framover for berekraftige maritime operasjonar.

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

Les fleire nyheiter
Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS