Samarbeid med Heerema Marine Contractors
Heerema har som mål å styrke seg på installasjon av havvind ved å utstyre SSCV Thialf med den rørslekompenserte gripearma for installasjon av monopålar. Med plassering på babord side, sikrar MCGF at monopålen held seg oppreist og innanfor toleransegrensene i samband med at han blir installert frå eit fartøy i rørsle. Dette er avgjerande for tryggleik og suksess i installasjonsfasen. Gripearma kan justerast vertikalt for å handtere ulike monopålelengder og tilpasse seg varierande fartøyskondisjonar. Som eit resultat av den vellykka oppgraderinga av Aegir, kontrakterte Heerema Ulstein for å bidra også i denne ombygginga også.
Integreringsoppgåver og vellykka samarbeid
Gripearma er kopla til sida av fartøyet med to 24-meters skinner, designa for å tole horisontale og vertikale krefter ved ulike høgder. Hovudoppgåva var å integrere dei nye skinneseksjonane, som har stor platetjukkleik, inn i den eksisterande fartøystrukturen, som ikkje opprinneleg var førebudd for dette føremålet. Ulstein utførte viktige engineeringsoppgåver innan design, engineering og gjennomføring, og bidrog med gjennomføringsvurdering, grunnleggande strukturell design, Finite Element Method (FEM)-analyse, slitasjeberekningar, detaljdesign og støtte i skinneintegrasjonen. Ulstein sin strukturdesign og støtte på staden sikra smidig installasjon av skinnene.
Sjølv om alt såg bra ut på papiret, måtte dei nye strukturane passe saumlaust inn med dei eksisterande dekka og skotta på SSCV Thialf. Samarbeidet med Heerema, Sledgehammer og Huisman var utmerkt, og alle involverte gjorde ein god jobb for å oppnå ei perfekt tilpassing på første forsøk.
Eit viktig steg i energiomlegginga
Dette samarbeidet representerer eit viktig framsteg i dei kapasitetane som trengst på storskala havvindparkar. Ulstein sin ekspertise ligg i å levere høgkvalitets engineeringstenester og banebrytande løysingar for offshore-industrien. Det gode resultatet på SSCV Thialf styrkar Ulstein si rolle som ein påliteleg partnar i utviklinga av berekraftig offshoreenergi-teknologi.