20241005 Olympic Notos OCLIN 11 MARTIN GISKEGJERDE

Ulstein har levert CSOV-fartøyet Olympic Notos til Olympic

Ulstein leverte havvindskipet Olympic Notos til Olympic den 13. november 2024. Dette toppmoderne fartøyet markerer ein viktig milepåle innan maritim innovasjon og yting. Skipet er eit serviceskip av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV). Som følgje av resultata frå søsterskipet, Olympic Boreas, seier reiarlaget at skipa "opererer med tett på 50 % reduksjon i drivstofforbruk samanlikna med andre seglande CSOV-ar."

Publisert
13 november 2024
Del
  • IMG 0555
  • IMG 0455
  • Lounge with a view to the mess room
  • Entrance to library
  • Meeting room on C deck
  • Lounge in mess area
  • IMG 0544
  • IMG 0568
  • Cinema
  • Gaming room
  • Fitness area
  • IMG 0437 Enhanced NR
  • Bridge

Olympic Notos er designa for å møte dei høgaste standardane for tryggleik, effektivitet og miljø. Utstyrt med den nyaste teknologien er det no klart til å yte støtte til eit breitt spekter av offshore-operasjonar, som sikrar optimale og pålitelege tenester. 

- I Olympic forpliktar vi oss til å oppfylle klimamåla som er sett i Parisavtalen, og Olympic Notos er eit viktig steg i den retninga. Dette fartøyet viser korleis vi arbeider for å redusere utslepp og fremje berekraft gjennom banebrytande teknologi og innovativ design. Ved å investere i slike framsteg, aukar vi ikkje berre den operasjonelle effektiviteten til skipa, men bidreg også til ei reinare, grønare framtid for offshore-industrien, seier Stig Remøy, CEO i Olympic.

- Vi er svært glade for å levere Olympic Notos til Olympic, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein. 

- Dette fartøyet representerer vårt engasjement for kvalitet og innovasjon i den maritime industrien. Vi er sikre på at det vil tene Olympic godt framover.

På flaggskifteseremonien ved Ulstein Verft var der representantar frå begge selskapa. Flaggskiftet markerer samarbeidet og dedikasjonen som har leia prosjektet fram til ferdigstilling.

3 mål: Redusere utslepp, maksimere operabiliteten og auke komforten

Då Olympic vende seg til Ulstein for utviklinga av to CSOV-ar, var målet tredelt: 

Dei ønskte å sette ein ny maritim standard ved å redusere fartøya sine totale utslepp, maksimere operabiliteten og auke komforten for mannskapet og kundane. Det første fartøyet, Olympic Boreas, vart levert i juli 2024, to år etter signeringa av skipsbyggingskontrakten. 

- Prosessen med Ulstein starta med å vurdere ulike alternativ og effekten av forskjellige oppsett før vi bestemte oss for det endelege kraftoppsettet, fortel Glenn Erik Valø, kommersiell direktør i Olympic. 

- Når det gjeld karbonavtrykket til desse fartøya, såg vi på plasseringa av propellane, bruken av batteri og permanent magnet-teknologi, og variabel fart-generatorar. Vi regenererer til og med energi frå gangvegsystemet og frå varmevekslingssystema.

Ulstein Power & Control har i samarbeid med andre Ulstein-selskap utvikla eit avansert hybrid kraft- og kontrollsystem. Utstyrt med avanserte kontrollalgoritmar sikrar systemet optimal energiproduksjon i kraftsystemet. Kvar komponent og kontrollstrategi er nøye valt, testa og integrert i ei saumlaus løysing, kontrollert av den robuste automasjonsplattforma X-CONNECT. 

 - Vi fokuserte på redusert drivstofforbruk og miljøpåverknad i alle ledd. Frå designfasen og fram til integrasjonen av utstyr såg vi på korleis ein kan oppnå optimal kraft- og energiutnytting. Resultata når det gjeld effektivitet og forbruk overgår forventingane våre og vi er stolte av å sjå skipa sine framifrå ytingar, seier systemarkitekt Geir Haddal i Ulstein Power & Control.

- Då vi sette oss ned og byrja å jobbe med Ulstein, vart vi ganske fascinerte av 
TWIN X-STERN-konseptet og korleis det tillèt optimal plassering av thrusterar framme og bak, understrekar Valø. 

- Ved å bruke dette ‘4-hjulsdrift-systemet’, oppnår vi auka effektivitet og operabilitet på sjøen.

Les meir og sjå film: TWIN X-STERN-konseptet forklart

- Måten fartøyet er designa med skrogforma og plasseringa av propellane, gir svært gode sjøeigenskapar og evne til å halde seg på posisjon. Dette, saman med gangvegsystemet og 3D-krana frå leiande leverandørar, gjer at vi har utfordra grensene for operabilitet innan trygge og effektive offshore-operasjonar. 

Han held fram: 

- Komfortnivåa er nøkkelen til fullt utkvilde mannskap og kundar, som gjer at dei er klare til å ta fatt på arbeidet sitt. Ved å skape store opne fellesrom, og mindre soner der folk kan nyte fritida si, trur eg vi har skapt det perfekte miljøet borte frå heimen. 

Dokumentert: Nær 50 % drivstoffreduksjon 

Glenn Erik Valø er svært nøgd med dei operative resultata: 

- Dette er verdas mest drivstoffeffektive CSOV-ar. Vi har no sett desse fartøya i drift og kan dokumentere at dei opererer med tett på 50 % reduksjon i drivstofforbruk samanlikna med andre seglande CSOV-ar. Olympic og den maritime klynga viser på nytt at vi kan ta briljante idear og gjere dei om til leiande fartøy i industrien.

Mannskapet ser fram til å få Olympic Notos ut på havet. Kim Kopperstad er kaptein på fartøyet, og han seier:

- Det har vore eit privilegium å samarbeide med Ulstein og deira leverandørar for å skape dette eksepsjonelle fartøyet. Olympic Notos kombinerer banebrytande teknologi med topp moderne innkvartering, noko som gjer det både høgst funksjonelt og ei glede å arbeide på. Eg ser fram til mange suksessrike oppdrag om bord.

--

Om Olympic 
Olympic opererer ein moderne flåte av allsidige offshorestøttefartøy som tener marknadene innan fornybarenergi, olje og gass, med sterkt fokus på høg effektivitet og berekraft. Olympic arbeider for å minimere miljøpåverknad og optimalisere yting ved krevjande forhold. Selskapet legg vekt på tryggleik, innovasjon og miljøforvalting, noko som gjer det til ein føretrekt partnar i offshoreenergi-operasjonar over heile verda.

Om Ulstein
Ulstein Group arbeider innan skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn eitt århundre med skipsbygging har konsernet utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Skipsdesigna inkluderer løysingar som X-BOW® og TWIN X-STERN®, som forbetrar fartøya si yting og stabilitet. Ulstein fokuserer på å utvikle og levere framtidas skip, støtta av eit integrert tverrfagleg team. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. 

20241005 Olympic Notos OCLIN 03 MARTIN GISKEGJERDE

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Geir Heltne DSC4460 comp bw

Geir Heltne

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 19 MARTIN GISKEGJERDE
Artikkel

Store drivstoffinnsparingar med dei første CSOV-skipa med Ulstein sitt TWIN X-STERN®-konsept

Olympic er ein pioner i offshore-energisektoren. Med ein sterk fokus på berekraft har dei fleire gongar tatt kommersiell risiko ved å satse på nye fartøykonsept. Den seinaste investeringa i to nye havvindskip av typen 'Construction Service Operation Vessel' (CSOV), baserte på Ulstein Group si innovative TWIN X-STERN®-løysing, viser at ei slik satsing løner seg. Reiarlaget kan syne til reduksjonar i drivstofforbruk og utslepp på nær 50 prosent, i forhold til seglande CSOV-ar.

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Geir Heltne DSC4460 comp bw

Geir Heltne

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS